Eikanger IL - Stanno Klubbshop
Postet av Eikanger Idrettslag den 11. Nov 2019
SPORTSPLAN FOR BARNE- OG UNGDOMSFOTBALLEN I EIKANGER IL
Postet av Eikanger Idrettslag den 1. Nov 2019
Sportsplan for barne- og ungdomsfotballen i Eikanger IL.
Helge Rasmussen har utarbeidet en sportsplan for bruk i barne- og ungdomsfotballen i Eikanger IL.
Alle trenere og lagledere i Eikanger IL fotball er gjort kjent med sportsplanen og må følge denne planen i organisert trening/kamp i regi Eikanger.
Alle foreldre og spillere som spiller eller har barn/ungdom som er aktive i Eikanger il bør gjøre seg kjent med sportsplanen.
Sportsplanen er gjeldene f.o.m 01.11.2019
Uhøytidlig fotball trening for damer
Postet av Eikanger Idrettslag den 2. Sep 2019
Vil du være med å spille fotball på søndager fra kl 20:00-21:30 på Ostereidet kunstgress?
Uhøytidlig fotballtrening for damer i alle aldrer.⚽️⚽️
Neste trening blir Søndag 8 september.
Oppmøte Ostereidet kunstgress.
Spond blir brukt til hver enkelt trening.
Spond. «Damelaget»
Oppgi kode CILDE
Bli med da vel😊😊
Lerum cup 2019
Postet av Eikanger Idrettslag den 30. Jun 2019
Pokalen sikret til Eikanger G14 etter 7-0 seier mot Aurland i B-Finalen i Sogndal på Lerum cup sommer 2019.
Finale laget fra G14 Eikanger IL
Andrea Kvammen var med G14 som gjestespiller til Sogndal. Andrea gjorde en kjempe jobb som keeper for G14. Hun har et stort talent og kommer til å nå veldig langt. Hun har tidligere spilt for Eikanger IL. Men spiller nå for NBK og er på Kretslaget.
Lei Andrei Villa, stolt kar etter finale seieren.
Andreas H Rasmussen stolt etter seieren i finalen. Scoret 2 mål.
Bård S Hagesæter på oppvarming før finalen er i gang. Storspilte i finalen og scoret 2 mål.
Gabriel i campingvognen på Stedje camping. Scoret 1 mål i finalen og var storfornøyd.
Grilling på st.hansaften på Stedje camping i Sogndal.
Lei Andrei Villa og lille Robert H Rasmussen som sitter på fanget til Tobias K Øvretveit på Stedje camping.
Her grilles det på st.hansaften på Stedje camping.
Ungdomsskuleelevar arrangerte stort friidrettsstemne på Ostereidet
Postet av Eikanger Idrettslag den 18. Jun 2019
60 METER: Adrian Fyllingsnes i tet i dette hitet for femteklassingane.
På tampen av skuleåret arrangerte ungdomsskuleelevar på Ostereidet friidrettsstemnet med flest startande i Nordhordland denne sesongen. Ved stemnet som gjekk i flott sommarvêr 14. juni var det over 550 startar.
Deltakarar var elevar i 5.-7. klasse ved Leiknes, Eikanger, Kløvheim og Ostereidet barneskular. Dei konkurrerte i 60m, 800m, lenge, kule og stafett. Og for dei som syntest 800m på tid var vel tøft, var ein tur på stiar i terrenget alternativet.
JUBEL: Theodor Myhr jublar over å koma først i mål i sitt hit på 60m i 5. klasse.
Like sidan 1981 har det vore tradisjon at elevar ved Ostereidet ungdomsskule arrangerer dette stemnet for barneskulane. Som regel har det vore elevar som tek idrettsfag i avgangsklassen som er arrangørar. I år hadde dei også god hjelp av ein del frå 9. klassen. Også lærarane hadde ein finger med i spelet.
KULE: Håvard Valdersnes (nr. 181) i kuleringen, men han gjorde det best i løp og hopp.
Med det nye raudstubbdekket på bana på Ostereidet var forholda i år betre enn på lenge. Aktiviteten var stor. I tillegg til 60m løp, vart det samstundes hoppa lengde i to groper og støytt kule frå to kastringar.
Mellom dei i alt vel 150 deltakarane var det mange som viste flott talent for friidrett. Raskaste 60m var det ikkje uventa ein gut i eldste klasse som stod for. 7.-klassingen Jakob Angelskår sprang på 8,7 og var tidelen raskare enn Leon Aleksander Veland i same klassen.
JAMT LØP: Sander Låstad Namdal (nr. 110), Vetle Valker Natås (nr. 111) og Mikkel Villanger (nr. 160) i flott driv på 60m.
Maja Andvik Totlandsdal i 6. klasse var med 9,4 raskaste jente. 7. klassingane Sara Hopland Hamlander og Victoria Dyngeland sprang også på 9,4. Kjapp var også Olivia Raunehaug i 5. klasse med 9,7.
HARD KAMP: Desse tre jentene sprang nesten likt på 60m i 6. klasse. Frå venstre Isabella-Mikkelsen-Klementsen, Mirian Myhre og Live Bjerke Ramsvik.
I lengde var det Olav Alme, 5. klasse, som utmerka seg med 4,20. Berre 7. klassingen Jakob Angelskår med 4,44 hoppa lenger. Av jentene var det Alexandra Tunes Lund, 6. klasse, som hoppa lengst med 3,96.
GODT UTKAST: Oskar Molvik Pettersen.
Leon Aleksander Veland, 7. klasse, var den som hadde best tilslag i kulestøyt. Han greidde 11,06 med 3-kiloskula, over to meter lenger enn nest beste. i klassen. Sondre Tunes Lund i 5. klasse støytte 8,38 med 2-kiloskula. Av jentene hadde Ina Mathilde Kleiven, 5. kl., 6,97, Maja Andvik Totlandsdal , 6. kl., 7,74 og Hege Romarheim, 7. kl., 8,70. Alle jentene brukte 2-kiloskula.
DER FOR KULA: Sivert Strøm med godt tilslag i kuleringen.
På 800m var det ei jente som oppnådde best tid av alle. Alexandra Tunes Lund, 6. kl., sprang på 2.56,5. Medan Håvard Valdersnes, også han i 6. kl., var raskaste gut med 2,57,7.
LENGDEHOPP: Vegard Kvestad i svevet.
VERT DET LANGT? Maren Midtgård.
Resultatliste dei 3 beste kvar øving: Barnskulestemne-2019-resultat.pdf
Ungdomsskulestemne
Ostereidet ungdomsskule arrangerte også stemne for sine eigne elevar i 8.-10. klasse. Dette stemnet gjekk nokre dagar før barneskulestemnet med lærarane som funksjonærar. Beste resultatet ved dette stemnet var det 8.-klassingen Sandra Nævdal som stod for med 8,4 på 60m. Berre eit par eldre gutar sprang ein tidel raskare. Heine Kvammen, også han 8. klasse, stod for det beste lengderesultatet med 4,59. På 800m var 10.-klassingen Jesper Guldbrandsøy raskast med 2.20,9.
Premiane til begge stemnene vert sponsa av friidrettsgruppa i Eikanger idrettslag.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Vår-serien barnefotball 2019
Postet av Eikanger Idrettslag den 13. Jun 2019
G10 hadde siste seriekamp før sommaren på Brekke i dag. Varierte resultat i sin første sesong med 7’er fotball, men flott innsats både på banen og sidelinjen.
Vi er ein liten gjeng gutar og har difor fått god hjelp frå G9 til å gjennomføre kampane.
Om fleire 4. klassinger har lyst å være med på laget er dei hjertelig velkommen.😊
No gleder vi oss til Voss cup til helga.⚽️
G11 har spelt 6 kamper så langt. 2 vunnet 1 uavgjort og tre tap. Mange jevne gøye og målrike kamper. 😊
G11 deltok også på Oddvar Bjelde cup.. Der vant de alle kamper.💪
Vårsesongen 2019 Eikanger IL fotball
Postet av Eikanger Idrettslag den 12. Jun 2019
G14 med sterk 11-3 seier borte mot Dale.⚽️⚽️
G14 spilte en meget god kamp borte mot Eldar mandag 10 juni.
Fra 4 plass på tabellen til 3 plass👏
G14 kom litt tregt i gang med vårsesongen. Men våknet omsider opp og klarte 1 uavgjort og 3 strake seire på rad noe som gjorde at vi klatret fra en 4. plass på tabellen til 3 plass👏
G14 spilte 9’er fotball i vårsesongen. Men skal spille 11’er fotball i høstsesongen 2019.
Eikanger IL G13 kom sterkt igang med vårsesongen. 5 seire og 1 uavgjort. Hadde sitt første tap tirsdag 11 juni borte mot Lindås.
Et veldig godt lag som vi får sett mye av fremover😊
Andre sommarkarusell i friidrett tysdag 11. juni
Postet av Eikanger Idrettslag den 16. Mai 2019
Friidrettsgruppa inviterer jenter og gutar frå 5-6 år og oppover til sommarkarusell og treningar i friidrett i sommar og haust på Ostereidet.Den andre sommarkarusellen vert arrangert tysdag 11. juni.
Det vert lagt opp til trening og karusellar desse datoane:
21. mai trening kl. 18.30-19.30
28. mai sommarkarusell, start kl. 18.30, påmelding frå kl. 18.00
Øvingar: 60m og lengde Resultat: Sommarkarusell 28.5.2019-resultat.pdf
4. juni trening kl. 18.30-19.30
11. juni sommarkarusell, start kl. 18.30, påmelding frå kl. 18.00
Øvingar: 60m og kast (liten ball) Resultat: Sommarkarusell11.6.-2019-resultat.pdf
18. juni trening kl. 18.30-19.30
25. juni seriestemne start kl. 18.30, påmelding frå kl. 18.00
20. august trening kl. 18.30-19.30
27. august sommarkarusell, start kl. 18.30, påmelding frå kl. 18.00
øvingar kjem seinare
seriestemne same kveld
3. september trening kl. 18.30-19.30
10. september sommarkarusell, start kl. 18.00, påmelding frå kl. 17.45
øvingar kjem seinare
Startkontingent på sommarkarusellane: kr 20,00 per deltakar
Me treng medhjelparar
For å få ei god avvikling av sommarkarusellane treng me medhjelparar. Me oppmodar foreldre til å hjelpa til med tidtaking, måling m.m.
Det vil også vera hyggeleg om noko kan vera med på treningane slik at me vert fleire til å ta oss av dei ivrige rekruttane.
Vel møtt på idrettsbana på Ostereidet.
Premiering
Som tidlegare år vert det premieutdeling etter sesongen med premie til alle som deltek. Kanskje vert det også nokre premieoverraskingar på dei enkelte stemnene.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Tenåringsduell om karusellsiger
Postet av Eikanger Idrettslag den 13. Apr 2019
DUELL: Raske unggutar kjempa om sigeren i karusellfinalen. Magnus Håland vann knappe to sekund føre Kristoffer Hopland.
Tenåringane Magnus Håland og Kristoffer Hopland hadde ein flott duell om sigeren i karusellfinalen på Eikanger laurdag. 17-årige Magnus vann på 6.37 knappe to sekund føre den eitt år yngre Kristoffer.
Håland, som ofte går til topps i karusellen på Austrheim, tok den først sigeren sin i karusellen på Eikanger. Han har forbetra seg kraftig sidan førre gong han deltok her. Den gamle bestetida hans var på 7.37 frå november 2017.
STARTEN: Hopland-brørne, Kristoffer (nr. 56) og Johannes (55), var i teten ut frå start.
Kristoffer Hopland, som betra bestetida si med ti sekund til 6.55 då han vann førre karusell, sprang no på 6.39. Han kutta dermed nye 16 sekund av den fjorten dagar gamle personlege rekorden sin. Det skal verta spennande å følgja desse to gutane når baneløpa startar i mai.
NYTT STERKT LØP: Sara Rebekka Færø Linde sprang på 7.18 og var berre åtte sekund etter sin eige løyperekord.
Sara Rebekka Færø Linde var på ny raskast dame. Tida hennar vart 7.18, berre åtte sekund etter bestetida frå løpet 9. mars i år. Sterkt gjort etter ein nyleg avslutta lungebetennelse. Nest raskaste dame var Grethe Jørgensen på tida 7.57 som er sesongbeste for henne – ein god prestasjon i det fjerde løpet hennar på ei veke.
TREDJEPLASS: Vebjørn Haugsdal sprang på nytt personbeste med 7.15.
Vebjørn Haugsdal var tredje raskast laurdag med tida 7.15 som var ny bestenotering for han med eitt sekund. Solide løp av veterangjengen Jon Harald Leknes (7.23), Nils Rune Sæthre (7.30), Bjørnar Eidsheim (7.32), Terje Håland (7.34) og Ove Morken (7.41).
STOR FRAMGANG: Idar Odland har hatt stor framgang denne sesongen og bestetida hans no er 8.01. Neste sesong kjem han truleg ned på 7-talet.
Idar Odland i 13-årsklassen har hatt stor framgang denne sesongen. Han har betra bestetida si frå 8.43 i siste løpet førre sesong til 8.01 i løpet laurdag. Ei rekkje andre unge gutar og jenter noterte nye bestetider eller sesongbeste i karusellfinalen. Og det same gjorde fleire vaksne.
SPREKE GUTAR: Fremst Mats Johan G. Oppedal og like bak kjem brørne Eskil og Gaute Sørli Verlo.
Løpet gjekk i strålande solskin og nesten vindstille, så forholda var fine. 110 deltakarar stilte til start og det er det nest høgaste deltakartalet denne sesongen. I alt har det vore 897 startar i dei ti løpa i 2018-19, noko som er rekord for ein sesong.
FLITTIGE DELTAKARAR: Denne gjengen fekk premie for mange startar. Frå venstre: Anders Eidsnes, Steinar Haukås, Jan Kårbø, Michelle Helland Haukås, Magnus Elvik og Venke Fyllingsnes.
Premie for mange startar gjekk i år til: Steinar Haukås passerte milepålen 250 startar, Jan Kårbø og Anders Eidsnes fekk premie for 200 startar. Venke Fyllingsnes fekk som første kvinne premie for 150 startar. Magnus Elvik passerte 100 startar og Atle Austrheim 75 startar. For meir enn 30 startar fekk desse premie: Tanita Sperrevik, Michelle Helland Haukås og Leif Bjørnar Hopland.
Terje Eidsnes toppar framleis lista over flest startar med 272, følgd av Sverre Solberg 268, Steinar Haukås 255, Alf Høyland 248 og Arvid Hauge 245.
Lad opp med ti fine turar
Når karusellsesongen no er slutt, kan det vera ein god ide å lada opp til neste sesong med å delta i
«Ti fine turar» som trimgruppa står for.
Vinterkarusell 2018-19, 10. løp.
Eikanger 13. april 2019
Arr.: Eikanger IL
Sol, flott, berr veg, lett vind, + 9-11° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Magnus Håland 6.37
2. Kristoffer Hopland 6.39
3. Vebjørn Haugsdal 7.15
4. Sara R. Færø Linde 7.18
5. Jon Harald Leknes 7.23
6. Nils Rune Sæthre 7.30
7. Bjørnar Eidsheim 7.32
8. Terje Håland 7.34
9. Johannes Hopland 7.37
10. Ove Normann Morken 7.41
VETERAN I GODT DRIV: Jon Harald Leknes sprang på tida 7.23, fem sekund raskare enn då han debuterte i karusellen for fjorten dagar sidan.
SESONGBESTE: Grethe Jørgensen sette sesongbeste i karusellfinalen med 7.57, åtte sesong etter bestetida frå i fjor. Idar Odland kjem like bak henne.
11. Grethe Jørgensen 7.57
12. Idar Odland 8.01
13. Martin Fredriksen 8.12
14. Mats Johan G. Oppedal 8.16
15. Gaute Sørli Verlo 8.20
16. Eskil Sørli Verlo 8.22
17. Jan Helge Gausvik 8.33
18. Amalie Kallestad 8.37
19. Ludvig Færø Linde 8.38
20. Mette Ansnes 8.38
GJENG I FINT DRIV: Amalie Kallestad avslutta karuellsesong med ny personleg rekord på 8.37. Like bak kjem Ludvig Færø Linde og Mette Ansnes.
Johan Austgulen 8.40
Stina Nes Sjursen 8.48
Olav Alme 8.49
Bjarne Gausvik 8.49
Daniel Norheim 9.03
Mina Elisabeth Søraa 9.04
Adrian Hansen Toft 9.05
Ida Herland Sæthre 9.11
Marcus Helland Haukås 9.12
Are Flekke 9.18
Terje Eidsnes 9.24
Jan Kårbø 9.29
Sjur Øren Heggernes 9.38
Silje Nes Sjursen 9.50
Eira Austgulen 9.52
Øyvind G. Oppedal 9.53
Håvard Andre G. Oppedal 9.55
Samuel Strømmen Gjuvsland 10.07
Martin Andreas Søraa 10.11
Sondre R. Eidsnes 10.19
Frode Sjursen 10.20
Anders Eidsnes 10.24
Merethe M. Odland 10.29
Martin Nytun Schulstad 10.47
Gustav Ansnes Færø 10.49
Jo Harald Færø 10.50
Atle Kolbeinsen 10.53
Sverre Solberg 11.30
Solveig Villanger Haugland 11.31
Utan tid:
Emil Høyland Aldeholm, Margrethe Alme, Renate Alme, Håvard Austgulen, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Hanne R. Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Magnus Elvik, Renate Eneroth, Victoria Enes, David Enes, Jakob Enes, Andre Midtgård Espevoll, Ann
Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Alexander Gausvik, Kari Gausvik, Arvid Hauge, Sofie Haugland Hauge, Stanley Hauge, Kay Eric Haukås, Michelle
Helland Haukås, Steinar Haukås, Svein Olav Heggernes, Katrine Hopland, Torunn Hopland, Isak Øvretveit Hosøy, Mali Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Mathilde Eneroth Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Frida
Færø Linde, Live Færø Linde, Lorentz Linde, Rikke Færø Linde, Cecilie Beate Mosland, Elias Mosland, Alf Kåre Mosland, Jonathan Mosland, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Emil Olai Oppedal, Margunn G. Oppedal, Cato Sperrevik, Andreas Søraa, Liam Hansen Toft,
Monica Toft, Richard Toft, Åge Toft, Amalie Øvretveit, Johanne Øvretveit
110 deltakarar.
Neste løp: Laurdag 12. oktober kl. 15.00.
PERSONESTE: Stine Nes Sjursen sette personbete med 8.48. Bak henne er det spurtduell mellom Olav Alme (nr. 26) og Bjarne Gausvik. Begge fekk tida 8.49. I blått mellom løparane går trimmarane Bente Fyllingsnes og Jan S. Fyllingsnes.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Klubbkvelden
Postet av Eikanger Idrettslag den 7. Apr 2019
Det var et bra oppmøte på klubbkvelden vår på tirsdag kveld med rundt 70 personer som møtte opp.
Så tusen takk til alle dere som bidro til at vi fikk en fin kveld sammen med klubben vår og vår nye utstyrsleverandør Stanno.
Håper alle hadde en fin kveld og at vi sammen jobber for at Eikanger IL vokser som klubb.
Helge Rasmussen
Leder Eikanger IL fotball
Karusellfinale med premieutdeling laurdag 13. april
Postet av Eikanger Idrettslag den 5. Apr 2019
Laurdag 13. april er det finaleløp og premieutdeling for vinterkarusellen på Eikanger 2018-19. 119 personar har alt sikra seg medalje for deltaking i tre eller fleire løp denne sesongen. Nedanfor kan du sjekka kor mange løp du har.
Det tiande løpet i vinterkarusellen på Eikanger komande laurdag 30. mars har som vanleg start kl. 15.00 for dei som spring på tid. Deltakarar utan tidtaking kan starta så snart dei har meldt seg på frå ca. kl. 14.20-25.
Over 150 kan få premie
I tillegg til dei 119 som alt har sikra seg premie er det 39 personar som står med to startar før det siste løpet. Ved å delta laurdag kan dei sikra seg bronsemedalje.
Oversikt over deltakarar og tal løp.pdf
Løypa
Løpet går i den velkjente karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt», med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare.Dei som ikkje skal ha notert tid, kan starta så snart dei er påmelde.
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 90,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2003 og seinare)
Vinterkarusellhefte2018-19-plakat.pdf
Meir informasjon om karusellen 2018-19
Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover.
Premieringa er bronse for 3-4 startar, sølv for 5-7 startar og gull for 8-10 startar.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Hopland-brør i fin framgang
Postet av Eikanger Idrettslag den 30. Mar 2019
VINNARTRIO: Kristoffer Hopland vann spurten mot veteranen Svein Glomnes og Alex Wollan.
Hopland-brørne Kristoffer og Johannes viste flott framgang i det nest siste karuselløpet på Eikanger denne sesongen. Kristoffer betra bestetida si med 10 sekund og vann etter ein duell med veteranen Svein Glomnes.
Med tida 6.55 tok 16-årige Kristoffer den andre sigeren sin i karusellen. To år yngre Johannes Hopland betra bestetida si med 14 sekund til 7.21. Det heldt til 6. plass i eit sterkt felt.
STARTEN: Johannes Hopland (nr. 3) og Kristoffer Hopland (nr. 6) tok teten fram mot svingen og unnabakken.
Veteranen Svein Glomnes deltok for første gong på lenge og viste solid form med 6.56. På tredjeplass kom Alex Wollan med 6.57.
STERK SESONG: Bertine-Helene Færø har hatt ein sterk karusellsesong med fem sigrar. Her kjem Knut Magne Hauge med barnevogn inn til femteplass på 7.20.
Bertine-Helene Færø var på ny raskaste kvinne, denne gongen med 7.18 – berre eit sekund etter bestetida si. Ho har hatt ein fin sesong og vunne i alt fem gonger, og tidene har vore mellom 7.17 og 7.29. Bertine-Helene vert ikkje med i karusellfinalen 13. april, så nye rekordforsøk frå henne lyt venta til hausten.
SPURT I HAGLEBYE: Vebjørn Haugsdal noterte 7.24 i haglebya, åtte sekund etter bestetida si.
Med solskin rett før start, såg det ut til å verta glimrande forhold. Men rett etter starten gjekk, kom ei kraftig bye med regn, slaps og hagl. Utan dette veromslaget ville nok mange sprunge nokre sekund raskare. Typisk nok letta veret og sola kom att då alle var komne i mål.
Mange unge jenter og gutar noterte trass forholda gode tider, og fleire sette personbeste. Olav Alme sprang på 8.56, under ni minuttar for første gong. Mina Elisabeth Søraa sprang på 9.06 og Sjur Øren Heggernes og Daniel Norheim kom begge under ti minuttar. Håvard Andre G. Oppedal sprang på 10.16 og kutta 40 sekund av den gamle «persen» sin.
TRIMGJENG OG KJAPPE BORN: Mina Elisabeth Søraa (startnr. 64) sprang på ny bestetid og Mats Johan G. Oppedal (nr. 54) sette også ny «pers» samstunde som han slo bestefar Bjarne Gausvik (i raudt rett bak) med nokre tidelar. I midten trimmaren og flittig karuselldeltakar Jan S. Fyllingsnes.
96 deltakarar stilte til start. Laurdag 13. april vert det karusellfinale med utdeling av premiar. Alle som har vore med i minst tre løp får medalje.
LØPAR OG TRIMARAR: Olav Alme med startnummer 40 noterte den flotte tida 8.56.Fleire trimmarar følgjer like bak han.
Vinterkarusell 2018-19, 9. løp.
Eikanger 30. mars 2019
Arr.: Eikanger IL
Skya, opphald, solgløtt, berr veg, haglbye under løpet, vindstille, + 3-4° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Kristoffer Hopland 6.55
2. Svein Glomnes 6.56
3. Axel Wollan 6.57
4. Bertine Helene Færø 7.18
5. Knut Magne Hauge 7.20
6. Johannes Hopland 7.21
7. Vebjørn Haugsdal 7.24
8. Jon Harald Leknes 7.28
9. Helge Færø 7.45
10. Samuel Meling 7.54
11. Anders Eidsnes 8.00
12. Grethe Jørgensen 8.10
13. Idar Odland 8.39
14. Amalie Kallestad 8.43
15. Marius Hopland Larsen 8.48
16. Olav Alme 8.56
17. Mina Elisabeth Søraa 9.06
18. Mats Johan G. Oppedal 9.07
19. Bjarne Gausvik 9.07
20. Jan Kårbø 9.32
21. Terje Eidsnes 9.41
22. Jan Halvard Edvardsen 9.47
23. Sjur Øren Heggernes 9.51
24. Daniel Norheim 9.54
25. Adrian Hansen Toft 10.12
26. Håvard Andre G. Oppedal 10.16
27. Solveig Villanger Haugland 10.48
28. Gunnar A. Larssen 10.54
29. Ove Danielsen 11.03
30. Martin Andreas Søraa 11.25
31. Håkon Rongved 11.37
32. Cato Sperrevik 11.49
33. Sverre Solberg 11.53
34. Olai Nepstad 12.13
35. Alvar Martins 13.59
36. Martin Nytun Schulstad 14.00
37. Tanita Sperrevik 14.57
38. Venke Fyllingsnes 14.59
FINT DRIV: Sjur Øren Heggernes (over) sette ny personbeste med 9.51. Og Daniel Norheim (under) med 9.54 kom også under ti minuttar for første gong.
GOD SPURT: Adrian Hansen Toft spurta godt, men var litt etter bestetida si denne gongen.
Utan tid:
Hallgeir Alme, Rakel Alme, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Hanne R. Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Bente E. Fyllingsnes, Fiona Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Morgan Fyllingsnes, Renate Fyllingsnes, Nikolai Færø, Arvid Hauge, Sofie Haugland Hauge, Stanley Hauge, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Svein Olav Heggernes, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Kate Hosøy, Isak Øvretveit Hosøy, Mali Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Bjørn Mo, Cecilie Beate Mosland, Elias Mosland, Jonathan Mosland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Emil Olai Oppedal, Øyvind G. Oppedal, Susanne Rebnord, Kirsten Rongved, Linn Søraa, Grethe Titland, Monica Toft, Åge Toft, Amalie Øvretveit, Johanne Øvretveit, Anna Rebnor Ådnanes, Martin Ådnanes
96 deltakarar.
Neste løp:
Løpsfinale laurdag 13. april kl. 15.00.VETERAN MED MANGE STARTAR: Sverre Solberg er flittig deltakar i vinterkarusellen. Med 267 startar er han berre fire etter Terje Eidsnes som har flest med 271.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Karuselløp på Eikanger laurdag 30. mars
Postet av Eikanger Idrettslag den 23. Mar 2019
Det niande og nest side løpet i vinterkarusellen på Eikanger går laurdag 30. mars med start kl. 15.00 for dei som spring på tid. Deltakarar utan tidtaking kan starta så snart dei har meldt seg på frå ca. kl. 14.20-25.
Løpet går i den velkjente karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt».
Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare.Dei som ikkje skal ha notert tid, kan starta så snart dei er påmelde.
Det står to løp att: 30. mars og 13. april.
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 90,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2003 og seinare)
Vinterkarusellhefte2018-19-plakat.pdf
Meir informasjon om karusellen 2018-19
Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar.
– Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff. Løpet er såleis ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.
Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover.
Premieringa er bronse for 3-4 startar, sølv for 5-7 startar og gull for 8-10 startar.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Færø-dobbel og lovande ungdomar
Postet av Eikanger Idrettslag den 10. Mar 2019
STARTEN: Full fart ut frå start. Kristoffer Apelthun Færø (nr. 55), Vebjørn Haugsdal (51), Bertine-Helene Færø (20), Magnus-Johan Færø (12, Grethe Jørgesnen (6), Mina Elisabeth Søraa (60), Phillip Morken (34) og Erling Skarstein (41) i fremste rekkje.
Magnus-Johan Færø var raskast i det 8. karuselløpet på Eikanger. Bertine-Helene Færø var nok ein gong raskaste kvinne. Fleire ungdomar leverte gode løp på fine tider.
KLAR SIGER: Magnus-Johan Færø tok ein klar siger.
Bertine-Helene Færø sprang på ny eit sterkt løp, denne gongen på 7.26, og det var 26. gong ho var første kvinne i mål. For Magnus-Johan var det tredje gongen han har vore først i mål i karusellen.
INNSPURTEN: Vebjørn Haugsdal og Bertine-Helene Færø i spurtduell. Denne gongen var Vebjørn litt føre.
Dei to unggutane Philip Morken (f. 2004) og Kristoffer Apelthun Færø (f. 2003) kom på andre og tredjeplass. Begge sette solide nye bestenoteringar i løypa. Med tida 7.16 var Phillip 15 sekund raskare enn for tre veker sidan. Kristoffer Færø betra den snart tre år gamle bestetida si med nesten eit halvt minutt då han kom i mål på 7.17.
STERKE UNGGUTAR: Phillip Morken (nr. 34) vart nummer to i løpet med 7.16. Han fekk hard kamp av Kristoffer Apelthun N. Færø som sette personleg rekord med 7.17.
Flotte tider også av dei unge jentene Amalie Kallestad (f. 2006) med 8.43 og Victoria Osen (f. 2008) på 9.31. Victoria sprang for første gong under ti minuttar.
FLOTTE LØP: Idar Odland gjorde det nest beste karuselløpet sitt. Amalie Kallestad sprang på den beste tida ho har hatt sidan ho sette personleg rekord 1. april 2017.
Grethe Jørgensen med 8.14 var den nest raskaste av kvinnene.
66 deltakarar stilte til start i løpet som gjekk under fine forhold etter at det tidlegare på dagen hadde sett ut til å kunna verta skikkeleg vinterføre med snø og glatte. No var det berr veg rundt heile løypa og enkelte solglytt.
NESTEN REKORD: Marcus Helland Haukås sprang på 9.20, eitt sekund bak rekorden sin.
STOR FORBETRING: Victoria Osen sprang over halvminuttet raskare enn ho hadde gjort før.
Dei to siste løpa i karusellen for sesongen 2018-19 går laurdag 30. mars og 13. april. Ved løpsfinalen 13. april vert det som vanleg premieutdeling med medaljar til alle som har minst tre startar denne sesongen. Så veit du at du har eitt løp før i år, kan du enno greia å kvalifisera deg til medalje.
Vinterkarusell 2018-19, 8. løp.
Eikanger 9. mars 2019
Arr.: Eikanger IL
Skya, opphald, solgløtt, berr veg, vindstille, + 2-3° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Magnus Johan Færø 6.57
2. Phillip Morken 7.16
3. Kristoffer A. Færø 7.17
4. Vebjørn Haugsdal 7.25
5. Bertine Helene Færø 7.26
6. Anders Eidsnes 8.06
7. Grethe Jørgensen 8.14
8. Idar Odland 8.39
9. Amalie Kallestad 8.43
10. Nikolai Færø 8.57
11. Marcus Helland Haukås 9.20
12. Victoria Osen 9.31
13. Erling Skarstein 9.33
14. Jan Kårbø 9.37
15. Terje Eidsnes 9.49
16. Jan Halvard Edvardsen 9.57
17. Mina Elisabeth Søraa 9.58
18. Adrian Hansen Toft 10.05
19. Harald Hansen 10.06
20. Merethe M. Odland 10.31
21. Liam Hansen Toft 10.53
22. Richard Toft 10.54
23. Martin Andreas Søraa 11.14
24. Andreas Søraa 11.15
25. Håkon Rongved 11.31
26. Benjamin Thorkildsen Sellevoll 11.39
27. Sverre Solberg 12.03
28. Stein Tore Holsen Viken 12.11
FLOTT LØP: Erling Skarstein i fint driv mot mål. Jan Kårbø kjem litt lenger bak.
Utan tid:
Signe Brith Breimoen, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Sondre R. Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Bente Merete Færø, Helga Marit Færø, Arvid Hauge, Stanley Hauge, Benedicte Helland Haukås, Kay Eric Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Torunn Hopland, Isak Øvretveit Hosøy, Mali Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Torill Kvammen, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Bjørn Mo, Torben Namdal, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Kirsten Rongved, Tone Sperrevik, Grethe Titland, Monica Toft, Anton Nikolai Vedå, Aksel Vedå, Tone Marit Vedå, Torbjørn Vedå, Johanne Øvretveit
66 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 30. mars kl. 15.00.
Løpsfinale laurdag 13. april kl. 15.00.
DUELL: Adrian Hansen Toft (23) hadde gleda av å slå veteranen Harald Hansen i spurten.
NESTEN I MÅL: Richrd Toft og sonen Liam. Liam sette solid ny bestenotering.
STOR FART: Kristoffer Apelthun Færø gjekk ut i stor fart og tok teten ned første bakken.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Karuselløp på Eikanger laurdag 9. mars
Postet av Eikanger Idrettslag den 3. Mar 2019
Det åttnde løpet i vinterkarusellen på Eikanger går laurdag 9. mars med start kl. 15.00 for dei som spring på tid. Deltakarar utan tidtaking kan starta så snart dei har meldt seg på frå ca. kl. 14.20-25.
Løpet går i den velkjente karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt».
Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare.Dei som ikkje skal ha notert tid, kan starta så snart dei er påmelde.
Det står tre løp att frametter vinteren og våren: 9. mars, 30. mars og 13. april.
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 90,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2003 og seinare)
Vinterkarusellhefte2018-19-plakat.pdf
Meir informasjon om karusellen 2018-19
Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar.
– Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff. Løpet er såleis ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.
Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover.
Premieringa er bronse for 3-4 startar, sølv for 5-7 startar og gull for 8-10 startar.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Rekordløp av Sara-Rebekka Linde
Postet av Eikanger Idrettslag den 16. Feb 2019
Sara-Rebekka Færø Linde sette ny løpsrekord for kvinner i vinterkarusellen laurdag 16. februar. Ho vart også den første kvinna som har vore raskast av all deltakarane i eit karuselløp.
Den nye rekordtida er 7.10, heile sju sekund betre enn den gamle rekorden som ho og søstera Bertine-Helene Færø, delte.
STARTEN: Sara-Rebekka Færø Linde (nr. 3) tok teten ut frå tart saman med Martin Erdal (nr. 60).
Ut frå start var Sara-Rebekka heilt i teten saman med Martin Erdal frå Samnanger. Dei to heldt følgje den første kilometeren bort til gamlebrua over Eikangervågen. Der vart første kilometeren passert på ca. 3.05. Deretter auka Sara-Rebekka leiinga jamt og trutt. Då ho kom til den siste motbakken ved «hamrane» hadde ho ei leiing på bortimot 30 meter. Ho heldt leiinga, og auka vel også nokre meter til, inn til mål.
RASKASTE MANN: Martin Erdal frå Samnanger var raskaste mann i karusellen for sjuande gong.
Erdal som var raskaste mann sprang på 7.18 som var 12 sekund etter den fem år gamle bestetida hans.
Sara-Rebekka Linde fortel at ho har trena godt i lengre tid. Grunnkondisjonen er betre enn før, men ho har ikkje drive særleg med tempotrening. Når det vert meir tempotreninga framover våren, trur ho at ho kan pressa løpstida endå lenger ned. På spørsmål om ikkje det neste målet vert å springa under 7.00, er svaret eit eintyding ja. Og kanskje må ho greia det for å halda rekorden, for veslesøster Bertine-Helene er også i framgang og betre enn nokon gong før.
SOLID FRAMGANG: Idar Odland vart nummer tre av alle og sette solid personleg rekord.
Under dei nesten vårlege forholda på Eikanger laurdag, var det også ei rekkje yngre deltakarar som sprang på sterke tider. Idar Odland (f. 2006) kom på tredje plass med 8.27 og sette personleg rekord med 19. sekund.
PERSONBESTE: Eskil Sørli Verlo sprang på 8.40, raskare enn nokon gong før.
Dei to Verlo-gutane, Eskil (f. 2006) og Gaute (f. 2008) noterte 8.40 og 8.57. Mina Elisabeth Sørå (f. 2008) vart nest raskaste jente med 9.14. Ho rekordforbetra seg med vel eit halvt minutt. Flotte løp også av Mats Johan G. Opdal(f. 2009) på 9.17 og Olav Alme (f. 2008) på 9.23.
JENTE I FRAMGANG: Mina Elisabeth Sørå (f. 2008) fremst i denne gjengen, sette flott personleg rekord. Like bak kjem Are Flekke (nr. 23), så Mats Johan G. Oppedal og Arne Erdal (59) og lengst bak Olav Alme.
65 deltakarar stilte til start i det 7. karuselløpet denne sesongen. Neste løp går laurdag 9 mars.
Vinterkarusell 2018-19, 7. løp.
Eikanger 16. februar 2019
Arr.: Eikanger IL
Skya, opphald, berr veg, vindstille, + 7-8° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Sara-R. Færø Linde 7.10
2. Martin Erdal 7.18
3. Idar Odland 8.27
4. Eskil Sørli Verlo 8.40
5. Gaute Sørli Verlo 8.57
6. Mina Elisabeth Søraa 9.14
7. Are Flekke 9.16
8. Arne Erdal 9.16
9. Mats Johan G. Oppedal 9.17
10. Olav Alme 9.23
PÅ OPPLØPET: Ungguten Oav Alme var to sekund raskare enn veteranen Arve Henningsen.
11. Arve Henningsen 9.25
12. Jan Kårbø 9.40
13. Bjørn Mo 9.43
14. Jan Halvard Edvardsen 9.47
15. Terje Eidsnes 9.54
16. Merethe M. Odland 9.59
17. Sjur Øren Heggernes 10.04
18. Harald Hansen 10.20
19. Solveig Villanger Haugland 10.23
20. Håvard Andre G. Oppedal 10.58
21. Øyvind G. Oppedal 10.58
22. Kjell Namtveit 11.21
23. Elias Øvretveit 11.31
24. Håkon Rongved 11.41
25. Sverre Solberg 12.42
26. Martin Andreas Sørå 12.50
GOD SEKUNDERING: Øyvind G. Oppedal sekunderer sonen Håvard Andre G. Oppedal inn til tida 10.58 – for begge to.
Utan tid:
Margrethe Alme, Renate Alme, Ove Danielsen, Miriam R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Helga Marit Færø, Nikolai Færø, Arvid Hauge, Stanley Hauge, Benedicte Helland Haukås, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Sebastian Helgesen, Torunn Hopland, Alf Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Frida Færø Linde, Lorentz Linde, Rikke Færø Linde, Anne Lise Nordpoll, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Emil Olai Oppedal, Margunn G. Oppedal, Kirsten Rongved, Benjamin Thorkildsen Sellevoll, Tanita Sperrevik, Tone Sperrevik, Grethe Titland, Adrian Hansen Toft, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Jonas Øvretveit
65 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 9. mars kl. 15.00.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Karuselløp på Eikanger laurdag 16. februar
Postet av Eikanger Idrettslag den 10. Feb 2019
Det sjuande løpet i vinterkarusellen på Eikanger går laurdag 16. februar med start kl. 15.00 for dei som spring på tid. Deltakarar utan tidtaking kan starta så snart dei har meldt seg på frå ca. kl. 14.20-25.
Løpet går i den velkjente karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt».
Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare.Dei som ikkje skal ha notert tid, kan starta så snart dei er påmelde.
Det står fire løp att frametter vinteren og våren: 16. februar, 9. mars, 30. mars og 13. april.
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 90,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2003 og seinare)
Vinterkarusellhefte2018-19-plakat.pdf
Meir informasjon om karusellen 2018-19
Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar.
– Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff. Løpet er såleis ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.
Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover.
Premieringa er bronse for 3-4 startar, sølv for 5-7 startar og gull for 8-10 startar.
Tekst og foto: Stanley Hauge
To unge karusellvinnarar
Postet av Eikanger Idrettslag den 26. Jan 2019
VINNARTRIO: Veteranen Ove N. Morken (nr. 34) måtte ta til takke med tredjeplass. Sonen Phillip vann klart og Kristoffer Hauge Haugland (56) var like klar nummer to.
Phillip Morken og Stina Nes Sjursen gjekk til topps i vinterkarusellen på Eikanger laurdag 26. januar. Phillip var raskast av alle med 7.31 og Stina var raskast kvinne med 9.20.
FØRSTE SIGER: Stina Nes Sjursen var for første gong raskaste kvinne i karusellen på Eikanger.
For begge ungdomane var det første gong dei vann karusellen. Vinnartida til Phillip Morken (f. 2004) var berre to sekund etter bestenoteringa hans på 7.29 frå 17. februar i fjor. Ein flott prestasjon under tunge, vinterlege forhold.
Nest raskast av alle laurdag var Kristoffer Hauge Haugland (f. 2003) på tida 8.01, og på tredjeplass kom veteranen – og far til vinnaren – Ove N. Morken på 8.20. Idar Odland (f. 2006) kom på femteplass med 8.50 – eit av dei beste løpa han har gjort.
PÅ GLATTEN: Veteranen Ove N. Morken tok føringa på det glatte føret ut frå mål og rundt første sving, tett følgd av Philip Morken og Kristoffer Hauge Haugland. Dei tre kom også første i mål, men i ei litt annan rekkjefølgje.
Dei vinterlege forholda med snø og is i over halve løypa, sørpeføre i ein fjerdedel, gjorde det tungt å springa. Og ned første bakken måtte ein vera varsam på glatten. For mange vart tidene fort 20-40 sekund svakare enn med berr veg. Likevel var det fleire som sprang tett opp mot bestetidene sine.
IMPONERTE: Ungjenta Mina Elisabeth Søraa imponerte med eit flott løp på god tid under tunge forhold.
Ei av dei som imponerte var Mina Elisabeth Sørå (f. 2008) som med 9.45 tangerte bestetida si og vart nest raskaste jente.
Deltakinga under dei vinterlege forholda var god med 76 startande. Neste løp på Eikanger går laurdag 16. februar.
FØRSTE SIGER: Phillip Morken vann vinterkarusellen for første gong.
Vinterkarusell 2018-19, 6. løp.
Eikanger 26. januar 2019
Arr.: Eikanger IL
Skya, opphald, snø, is og snø ut til brua, berr gangveg, slaps resten, + 2-3° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Phillip Morken 7.31
2. Kristoffer Hauge Haugland 8.01
3. Ove Normann Morken 8.20
4. Anders Eidsnes 8.41
5. Idar Odland 8.50
6. Gaute Sørli Verlo 9.15
7. Stina Nes Sjursen 9.20
8. Hogne Haugsdal 9.26
9. Marius Hopland Larsen 9.27
10. Eskil Sørli Verlo 9.40
UNGE TALENT: Eskil Sørli Verlo (nr. 71) i fint driv på oppløpet. Like bak kjem Mina Elisabeth Søraa.
11. Mina Elisabeth Søraa 9.45
12. Jan Kårbø 9.54
13. Ruben Hosøy 10.13
14. Olav Alme 10.14
15. Adrian Hansen Toft 10.16
16. Victoria Osen 10.20
17. Terje Eidsnes 10.31
18. Martin Ådnanes 10.38
19. Svein Cato Falkanger 10.42
20. Frode Sjursen 10.45
21. Solveig Villanger Haugland 10.58
22. Helene Osen 10.59
23. Martin Andreas Sørå 11.06
24. Harald Hansen 11.16
25. Hege Mørch Fosse 11.18
26. Valborg Nes 11.39
27. Magnus Ådnanes 11.39
28. Kjell Namtveit 11.51
29. Ove Danielsen 12.21
30. Sverre Solberg 12.43
31. Elias Øvretveit 13.05
32. Cato Sperrevik 13.18
33. Venke Fyllingsnes 14.25
34. Jonas Øvretveit 16.53
35. Liam Hansen Toft 16.55
JUBLANDE I MÅL: Solveig Villanger Haugland, og like bak kjem Helene Osen.
Utan tid:
Emil Høyland Aldeholm, Margrethe Alme, Renate Alme, Maria Annan, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Hanne R. Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Silje Falkanger, Jan S. Fyllingsnes, Bente E. Fyllingsnes, Arvid Hauge, Stanley Hauge, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Kate Hosøy, Isak Øvretveit Hosøy, Inge Leknes, Kathrine Namdal, Torben Namdal, Olai Nepstad, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Susanne Rebnord, Tanita Sperrevik, Tone Sperrevik, Linn Sørå, Laila Toft, Monica Toft, Åge Toft, Amalie Øvretveit, Janina Øvretveit, Johanne Øvretveit, Anna Ådnanes, Ingrid Rebnor Ådnanes
76 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 16. februar kl. 15.00.
KVA VERT TIDA? Hogne Haugsdal sjekkar tida. Den vart fine 9.26 for han, eitt sekund fortare enn for tre veker sidan då det var langt betre forhold. Like bak han kjem Marius Hopland Larsen (f. 2008) på 9.27.
SIDE OM SIDE: Ruben Hosøy (39) og Olav Alme (3) med Adrian Hansen Toft imellom seg litt lenger bak.
FINT DRIV: Helene Osen sprang på 10.59, og litt lenger bak kjem Martin Andreas Søraa på 11.06.
TETT I TETT: Harald Hansen noterte 11.16 på vinterføret, og like bak kom Helene Mørch Fosse som debuterte i karusellen med 11.18.
UNG «VETERAN»: Cato Sperrevik har trass sin unge alder alt delteke 50 gonger i vinterkarusellen.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Vinterkarusell laurdag 26. januar på Eikanger
Postet av Eikanger Idrettslag den 21. Jan 2019
Sjette løpet i vinterkarusellen på Eikanger går laurdag 26. janaur med start kl. 15.00 for dei som spring på tid. Deltakarar utan tidtaking kan starta så snart dei har meldt seg på frå ca. kl. 14.20-25.
Løpet går i den velkjente karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt».
Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare.Dei som ikkje skal ha notert tid, kan starta så snart dei er påmelde.
Det står fem løp att frametter vinteren og våren: 26. januar, 16. februar, 9. mars, 30. mars og 13. april.
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 90,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2003 og seinare)
Vinterkarusellhefte2018-19-plakat.pdf
Meir informasjon om karusellen 2018-19
Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar.
– Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff. Løpet er såleis ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.
Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover.
Premieringa er bronse for 3-4 startar, sølv for 5-7 startar og gull for 8-10 startar.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Toppløp av Bertine-Helene Færø
Postet av Eikanger Idrettslag den 5. Jan 2019
REKORDTANGERING: Ny personleg rekord i karusellen og tangering av løyperekorden på 7.17. Eit toppløp av Bertine-Helene Færø.
Bertine-Helene Færø slo den åtte år gamle personlege rekorden sin i vinterkarusellen med fem sekund og tangerte løyperekorden for kvinner. I nyttårsløpet på Eikanger leverte ho eit svært sterkt løp.
I februar 2011 sprang den 19-år gamle Bertine-Helene på 7.22 og den tida stod som løpsrekord til februar 2017. Då sprang søstera Sara-Rebekka Linde på 7.18, ein rekord ho betra med eitt sekund 10. mars 2018. Bertine-Helene som no ser ut til å vera på veg til å verta ein betre løpar enn nokon gong før, tangerte rekordtida 7.17 laurdag.
FØRSTE SVING: Halfdan-Emil Færø i teten rundt første sping, følgd av Kristoffer Hopland (nr. 56), Bertine-Helene Færø (82), Jo-Harald Færø (33) og Knut Magne Hauge (80).
Det var 25. gongen Bertine-Helene har vore raskaste kvinne i karusellen. Aller raskast var broren Halfdan-Emil Færø som med 6.22 noterte den klart beste vinnartida i karusellen denne sesongen.
VINNAR: Halfdan-Emil Færø var først i mål i karusellen for 21. gong. Tida var sesongbeste 6.22.
KAMP OM ANDREPLASSEN: Knut Magne Hauge (t.v.) var sterkast i spurten om andreplassen, medan Jo-Harald Færø vart nummer tre.
Knut Mange Hauge og Jo-Harald Færø hadde ein frisk duell om andreplassen. Den avgjorde Knut Magne til sin fordel og noterte tida 6.45, som er tangering av bestetida hans frå 2013. Jo-Haralad var om lag sekundet etter i mål.
PÅ OPPLØPET: Kristoffer Hopland fremst, følgd av Vebjørn Haugsdal og Bertine-Helene Færø. Kanskje Bertine-Helene fekk litt drahjelp av dei to karane fram mot rekordtangeringa?
Unge Kristoffer Hopland vart nummer fire etter spurtoppgjer med Vebjørn Haugsdal og nettopp Bertine-Helene. Hopland var med 7.15 litt etter bestetida si, medan Vebjørn Haugsdal betra bestetida med 15 sekund til 7.16.
STADIG RASKARE: Johannes Hopland inn til ny personleg rekord.
Fleire andre unggutar leverte også sterke løp. Johannes Hopland (f. 2005) kutta nye 10 sekund av bestetida si som no er på 7.35. Jamgamle Eivind Langøy sprang på 7.39, ni sekund betre enn før. Marius Hopland Larsen i 2008-klassen sette solid personleg rekord med 8.33. Og Gaute Sørli Verlo i same aldersklassen sprang på 8.43.
NY PERSONLEG REKORD: Eivind Langøy i mål på 7.39.
Grethe Jørgensen var nest raskaste kvinne med sesongbeste på 8.01. Deretter kom jentene Amalie Kallestad 9.11 og Ida Herland Sæthre på 9.17.
RADØY-OPPGJER: Kristoffer Hauge Haugland i mål på 8.00. Grethe Jørgensen inn til 8.01 og sesongbeste.
Løpsforholda var bra med nokre regndråpar i lufta, vindstille, 5-6 plussgrader og berr veg. 98 personar stilte til start. Neste karusell på Eikanger vert laurdag 26. januar.
STARTEN: 50 deltakarar stilte i klassen med tidtaking.
Vinterkarusell 2018-19, 5. løp.
Eikanger 5. januar 2019
Arr.: Eikanger IL
Skya, litt regn, berr veg 6° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Halfdan-Emil Færø 6.22
2. Knut Magne Hauge 6.45
3. Jo-Harald Færø 6.46
4. Kristoffer Hopland 7.15
5. Vebjørn Haugsdal 7.16
6. Bertine-Helene Færø 7.17
7. Johannes Hopland 7.35
8. Eivind Langøy 7.39
9. Bjørnar Eidsheim 7.47
10. Tore Klanderud 7.48
SOLID FORBETRING: Marius Hopland Larsen (f. 2008) sprang på 8.33, 13 sekund raskare enn nokon gong før.
11. Kristoffer Hauge Haugland 8.00
12. Grethe Jørgensen 8.01
13. Einar Skrede 8.16
14. Marius Hopland Larsen 8.33
15. August Rønn-Aar 8.42
16. Gaute Sørli Verlo 8.43
17. Nikolai Færø 9.04
18. Idar Odland 9.05
19. Amalie Kallestad 9.11
20. Eskil Sørli Verlo 9.14
21. Ida Herland Sæthre 9.17
22. Marcus Helland Haukås 9.19
23. Hogne Haugsdal 9.27
24. Arve Henningsen 9.31
25. Are Flekke 9.37
26. Heidi Vågstøl 9.41
27. Aase Midtgaard Skrede 9.45
28. Nina Elisabeth Søraa 9.45
29. Gunnar Hauge 9.47
30. Jan Halvard Edvardsen 9.54
31. Terje Eidsnes 9.58
32. Martin Ådnanes 10.01
33. Fillip Sagstad 10.05
34. Adrian Hansen Toft 10.06
35. Merethe M. Odland 10.07
36. Victoria Osen 10.08
37. Leon Veland 10.10
38. Helene Osen 10.18
39. Åshild Langøy 10.29
40. Harald Hansen 10.36
41. Sjur Øren Heggernes 10.37
42. Olav Herland Sæthre 11.01
43. Alf Kåre Mosland 11.08
44. Elias Mosland 11.09
45. Sverre Solberg 11.30
46. Stein Tore Holsen Viken 11.44
47. John Runar Vågstøl 13.55
48. Olivia Rønn-Aar 14.03
49. Jonathan Mosland 14.51
50. Cecilie Beate Mosland 14.52
FLOTT DRIV: Eskil Sørli Verlo i flott driv mot mål.
Utan tid:
Kristian Bjørge, Maja Andrine Bjørge, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Renate Eneroth, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Gustav Ansnes Færø, Helga Marit Færø, Arvid Hauge, Hilde Haugland, Benedicte Helland Haukås, Kay Eric Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Alis Hellevang, Arnfinn Hellevang, Bente Herland, Katrine Hopland, Torunn Hopland, Isak Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Mathilde Eneroth Høyland, Odd Inge Høyland, Kristine Kieiveland, Jan Kårbø, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Mattis Morken, Anne Lise Nordpoll, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Susanne Rebnord, Anna Bjørge Revheim, Cato Sperrevik, Tanita Sperrevik, Tone Sperrevik, Grethe Titland, Liam Hansen Toft, Åge Toft, Monica Toft, Mathias Veland, Johanne Øvretveit, Anna Ådnanes
98 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 26. januar 2019 kl. 15.00.
GJENG MOT MÅL: Filip Sagtad (nr. 53) fremst, så Adrian Hansen Toft (40), Merethe Odland (39), Victoria Osen (75) til venstre og Leon Veland (43).
Tekst og foto: Stanley Hauge