Serieturnering på Ostereidet Kunstgrasbane

Postet av Eikanger Idrettslag den 19. sep 2025


Søndag 14. september arrangerte EIL fotball gutter 8 serieturnering på Ostereidet

kunstgras.

18 lag var påmeldt og det vart spelt kampar frå kl. 10:00 på formiddag til 18:00 om kvelden.

EIL fotball vil takke alle lag, foreldre, dommarar og tilskodarar for ein flott dag med

mykje fotballglede.




Ope basseng frå 16. september

Postet av Eikanger Idrettslag den 14. sep 2025

Eikanger IL ønsker alle velkommen til ope basseng sesongen 25/26. Bassenget opnar for barn og vaksne tysdag 16. september kl.17.00. 

Onsdag 17. september er første vaksen-symjing frå kl.19.00-21.00. Bassenget er ope 3 gongar i veka heile haust, vinter og vår, unnateke i skuleferiane. Badevakt vert tilstades på bassengkanten. Alle badevaktane våre har nyleg gjennomført livredningskurs. Bassenget held 28 - 29 gr. Vel møtt!





Ope basseng frå 15. september 2026

Postet av Eikanger Idrettslag den 9. aug 2025

I veke 38 startar idrettslaget med Ope basseng for publikum. Bassenget held om lag 29 grader og vil ha ope 3 dagar i veka, med stengd i skuleferiane. 

Under Ope basseng er det ein vaksen badevakt med gjennomført livredningskurs på land. Barn under 12 år må ha ein vaksen med seg, enten på land eller i vatnet. 


Badetidene er slik: 

Tysdag 17.00-19.00: Familiebading

Onsdag 19.00-21.00: Vaksensymjing

Laurdag 13:00-15:00 Familiebading


Vel møtt til ein ny badesesong, med oppstart 15. september.