Karusell på Eikanger laurdag 25. november
Postet av Eikanger Idrettslag den 30. Okt 2017
Laurdag 25. november går det tredje løpet i Eikanger IL sin vinterkarusell for sesongen 2017-18. I den 39. sesongen med vinterkarusell er det lagt opp til ni løp.
I den velkjente karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt», vert det fire løp før jul og fem etter nyttår.
Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Og dei som deltek utan tidtaking, kan starta så snart dei har meldt seg på.
Løpsdatoane for løpa som står att før nyttår er: 25. november og 16. desember.
Første løp etter nyttår vert laurdag 6. januar, deretter vert det løp 27. januar, 17. februar, 10. mars og 7. april.
Startkontingent – nye prisar denne sesongen
Startkontingenten er kr 50,- for vaksne, kr 25,- for born til og med 15 år, og familiekontingent kr 90,- (samla for vaksne og born til og med 15 år).
Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar.
– Løpet er ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna. Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.
Premiering
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. Det vert også trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp.
Flest løp
302 løp med i alt 18 084 startande er avvikla sidan desember 1979.
Før komande sesong står Terje Eidsnes med 256 startar og Sverre Solberg med 251. Over 200 startar har også: Steinar Haukås 242, Alf Høyland 233, Arvid Hauge 226, Leiv Eidsnes 225 og Sigmund Nævdal 219.
To personar, Arvid Hauge og Steinar Haukås, har vore med i eitt eller fleire løp kvar einaste sesong sidan starten.
Løpsrekordar
Svein Roar Kvamme sette ny løpsrekord med 5.58 i det første løpet denne sesongen. Sara Rebekka Linde har rekorden for kvinner med 7.18 frå 11. mars 2017.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Saka oppdatert 18. november 2017
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Eikanger Idrettslag
Prøvetrening for 2019-barn
27.10.2024
Serieturnering på Ostereidet Idrettspark
15.09.2024
Badevaktane gjennomførte livredningskurs
12.09.2024
Prøvetrening for 1.klassingar
23.08.2024