Serieturnering på Ostereidet Idrettspark
Postet av Eikanger Idrettslag den 15. Sep 2024
Søndag 15. september arrangerte Eikanger IL serieturnering i fotball for gutar og jenter, 9 år. Trass ein grå og noko regntung dag, viste det seg å vere eit folkerikt og vellukka arrangement.
Det var 21 lag påmeldt frå fleire ulike klubbar, blant anna Nordre Holsnøy, Radøy FK, Kvernbit, Austrheim, NBK Alvidra og NBK Knarvik og Eikanger. 30 kampar vart spelte, dei spela 5’er fotball, med kampar som varte 1*20 minutt.
Fotballgruppa i EIL arrangerte denne serieturneringa i samarbeid med G/J9 og deira føresette. Oppgåver som parkeringsvakter, dommarar, kakebakarar, folk til å stå i kiosk, ta imot påmeldingar, lage kampoppsett, klargjering av baner o.a., skulle fyllast. Her var det mange involverte og frivillige som gjorde ein kjempeinnsats for å få arrangementet til å flyte.
Tidlegare i haust arrangerte Eikanger IL dommarkurs. 15 ungdommar frå Eikanger IL G13 og G14 gjennomførte og bestod dommarkurset. Mange av desse ungdommane fekk dommardebuten sin under denne serieturneringa.
Tusen takk til alle som har vore med. Alle bidrag har vore viktige for å kunne gjennomføre dette flotte arrangementet på dugnad.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Eikanger Idrettslag
Prøvetrening for 2019-barn
27.10.2024
Badevaktane gjennomførte livredningskurs
12.09.2024
Prøvetrening for 1.klassingar
23.08.2024