Berre to sekund frå karusellrekorden for kvinner
Postet av Eikanger Idrettslag den 4. Nov 2017
Sara Rebekka Færø Linde viste på ny god form då ho sprang på 7.20 i vinterkarusellen på Eikanger. Tida var berre to sekund frå hennar eigen løpsrekord. Sterkt gjort under våte og litt tunge forhold.
Halfdan Emil Færø var raskast av alle rundt Eikangervågen denne gongen med 6.44. Han var utan konkurranse om sigeren. Faktisk var det søstera Sara Rebekka som var nærmast han i tid. Tredje raskast av alle, og nummer to blant mennene, var den 15-årige debutanten Magnus Håland med 7.37.
Halfdan Emil Færø suveren vinnar i det andre løpet i vinterkarusellen. Medan Magnus Håland (foto nedanfor) debuterte med ein flott 2. plass i klassen for menn.
Anders Eidsnes var tredje raskaste mann med 7,44, som var fem sekund betre enn han hadde i førre sesong. To andre debutantar som noterte fine tider var Terje Håland med 7.49 og Geir Øy med 8.00.
Grethe Jørgensen var nest best av kvinnene og med 8.00 og eitt sekund svakare tid enn då ho sette personleg rekord i første løpet, stadfesta ho at ho denne sesongen er på eit høgare nivå.
Grethe Jørgensen sprang på 8.00 og spurta litt raskare enn Geir Øy som debuterte i karusellen med 8.00.
10-årige Idar Odland sprang for andre gong under ni minuttar og tangerte sin eigen rekord på 8.59.
Forholda laurdag 4. november var nok litt tyngre enn i sesongopninga for fjorten dagar sidan. Då var det tørt, mildt og fint. No var det vått og regn, men vindstille. Fleire løparar sprang likevel på betre tider denne gongen. Mellom dei som viste flott framgang var Nikolai Færø som sprang på 9.20, 40 sekund fortare enn førre løp. 8-årige Daniel Norheim noterte 10.56, langt over minuttet raskare enn før.
Sunniva R. Eidsnes deltok utan tidtaking denne gongen, men kunne ikkje dy seg frå prøva å slå pappa Anders i spurten. I midten bak dei kjem Terje Håland.
16-årige Stine Nes Sjursen sette med 9.39 ny personleg bestenotering, eitt sekund raskare enn i første løpet for eitt år sidan. Ho var fjerde raskast av kvinnene.
For Sara Rebekka Færø Linde var det 28 gongen ho var beste kvinne i karusellen, medan Halfdan Emil Færø vann for 18. gong.
Heile 82 deltakarar stilte til start trass i til dels kraftige regnbyer laurdag ettermiddag. Neste løp går laurdag 25. november.
Full fart ut frå start med nesten 50 deltakarar på startstreken.
Vinterkarusell 2017-18, 2. løp.
Eikanger 4. november 2017
Arr.: Eikanger IL
Regnbyer, våt veg, stille + 7-8° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Halfdan Emil Færø 6.44
2. Sara R. Færø Linde 7.20
3. Magnus Håland 7.37
4. Anders Eidsnes 7.44
5. Terje Håland 7.49
6. Grethe Jørgensen 8.00
7. Geir Øy 8.00
8. Trond Austrheim 8.12
9. Einar Skrede 8.13
10. Atle Austrheim 8.23
11. Theodor Rønn-Aar 8.39
12. Egil Opsal 8.42
13. Arvid Hauge 8.49
14. Hogne Haugsdal 8.55
15. Idar Odland 8.59
16. Are Flekke 9.06
17. Nikolai Færø 9.20
18. Arve Henningsen 9.29
19. Aase Midtgaard Skrede 9.37
20. Stina Nes Sjursen 9.39
21. Ida Herland Sæthre 9.40
22. Nils Rune Sæthre 9.41
23. Terje Eidsnes 9.50
24. Frode Sjursen 9.55
25. August Rønn-Aar 10.01
26. Ludvig Færø Linde 10.03
27. Einar Færø 10.04
28. Adrian Hansen Toft 10.30
29. Jan Kårbø 10.32
30. Emil Kleiveland Fammestad 10.38
31. Gunnar A. Larssen 10.38
32. Frank Fammestad 10.39
33. Kjell Namtveit 10.52
34. Bjørn Mo 10.55
35. Daniel Norheim 10.56
36. Sverre Solberg 11.05
37. Silje Nes Sjursen 11.59
38. Kjersti Haldorsen 12.01
39. Mie Aurora Leirvåg Carlsen 12.27
40. Ingrid Haldorsen 12.28
41. Trude Austrheim 12.42
42. Mats Johan G. Oppedal 13.11
43. Håvard Andre G. Oppedal 13.40
44. Trine Rønn-Aar 13.40
45. Øyvind G. Oppedal 13.41
46. Olivia Rønn-Aar 14.09
47. Live Færø Linde 17.01
48. Helga Marit Færø 17.02
49. Frida Fammestad 18.50
Olav Alme (t.v.) og Sondre R. Eidsnes (midten) deltok utan tid, men nytta sjansen til ¨å spurta om kapp med Adrian Hansen Toft (nr. 22) og veteranen Jan Kårbø.
Utan tid:
Hallgeir Alme, Margrethe Alme, Olav Alme, Rakel Alme, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Magnus Elvik, Espen Enertoh, Henrik Fammestad, Kristine Fammestad, Brit Elin Frantzen, Kari Haldorsen, Liam Harrison, Stanley Hauge, Torunn Hopland, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Rikke Færø Linde, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Margunn G. Oppedal, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Thomas Rønn-Aar, Grethe Titland, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Åge Toft
Neste løp:
Laurdag 25. november kl. 15.00
Trond Austrheim fremst og Einar Skrede.
Flott løp av Theodor Rønn-Aar på 8.39.
Med tida 9.20 sprang Nikolai Færø 40 sekund fortare enn i løpet for 14. dagar sidan.
Aase Midtgaard Skrede var med 9.37 tredje raskaste kvinne, men like bak kom Stina Nes Sjursen på 9.39 og Ida Herland Sæthre (skjult) på 9.40. Nils Rune Sæthre (bak t.v.) fekk 9.41.
Daniel Norheim (t.h.) og Bjørn Mo i fint driv inn til mål. Daniel har planar om å delta i så mange løp at han får gullmedalje når sesongen er slutt til våren.
Silje Nes Sjursen (t.v.) og Kjersti Haldorsen kjempa om å koma under 12 minuttar. Silje fekk 11.59 og Kjersti 12.01.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Eikanger Idrettslag
Prøvetrening for 2019-barn
27.10.2024
Serieturnering på Ostereidet Idrettspark
15.09.2024
Badevaktane gjennomførte livredningskurs
12.09.2024
Prøvetrening for 1.klassingar
23.08.2024