Karusellstart laurdag 22. oktober på Eikanger

Postet av Stanley Hauge den 11. Okt 2022


Laurdag 22. oktober går første løp i vinterkarusellen 2022-23 på Eikanger. Det vert lagt opp til tre løp før jul og fire etter nyttår. 


Løypa vert den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved Eikanger skule.


Løpsdatoar

Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.


Denne sesongen vert det halde 7 løp: 22. oktober, 12. november, 10. desember, 7. januar 2022, 4. februar, 11. mars og 1. april. 


Startkontingent

Born til og med 15 år           kr 25,-

Vaksne                                kr 50,-

Familie                                kr 100,-

(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2007 og seinare)


Premiering 
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Det vert også enkle premiar til raskaste kvinne og mann ved kvart løp.


Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.


 Medaljar vert delte ut slik:

6-7 startar: Gull

4-5 startar: Sølv

3 startar: Bronse 


 Premiar for mange løp

Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100  startar, 150 startar, 200 startar og 250 startar.


Flest startar

Vinterkarusellen går no inn i sesong 44 sidan starten i 1979. I alt er det arrangert 337 løp med 21 226 startar.


Terje Eidsnes med 286 startar er den som har delteke flest gonger. Han er tett følgd av Sverre Solberg med 284. Deretter kjem Steinar Haukås med 270, Alf Høyland med 262 Arvid Hauge 260 og Leiv Eidsnes 248.


Av kvinnene er det Venke Toft Fyllingsnes med 165 startar og Grethe Titland med 1612 som har delteke flittigast.


Løyperekordar

Svein Roar Kvamme har løyperekorden med 5.58 frå 21. oktober 2017. Halfdan Emil Færø har notert 6.04 (2013) og Kjetil Hodnekvam 6.10 (2001). Eli Anne Dvergsdal har rekorde fro kvinner med 6.55 (2019), følgd av Bertine-Helen Færø 7.04 (2019) og Sara-Rebekka Færø Linde 7.06 (2019).


Tekst og foto: Stanley Hauge



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.