Jo-Harald Færø for 25. gong

Lagt ut av Stanley Hauge den 7. Jan 2023

Jo-Harald Færø vann for 25. gong karusellen på Eikanger. (Arkivfoto: Stanley Hauge.)


Jo-Harald Færø var raskast i nyttårsløpet på Eikanger laurdag 7. januar. Det var 25. gongen han var først i mål i karusellen.


Under dei litt tunge forholda fekk han vinnartida 6.50, og var med det tre sekund føre ungguten Idar Odland. Odland leverte nok ein gong eit sterkt løp og var berre åtte sekund etter brestetida si som han sette under klart betre forhold.

FØRSTE SVING: Idar Odland tok teten framfor Jo-Harald Færø.


Stortparten av karuselløypa rundt Eikangervågen hadde geie forhold med stort sett berr veg. Men ut frå starten i skuleporten var det svært glatt sjølv om arrangørane hadde strødd med sand. Også ned den første bkken var det ein del glatte parti, så her galdt for deltakarane å velja midt i veen som var isfri.


UT FRÅ START: Ti deltakarar stilte til start i løpsklassen. Glattaste partiet i løypa var uti frå skuleporten og bort til fylkesvegen.


I alt 45 deltakarar hadde teken turen til nyttårsløpet. Veret var brukbart med litt småregn, men stort sett opphald.  

Det neste løpet i karusellen går laurdag 4. februar.


Vinterkarusell 2022-23, 4. løp.

Eikanger 7. januar 2023

Arr.: Eikanger IL

Skya, regndråpar, vinterføre – men stort sett berr veg bortsett frå første flaten,  ÷3-4° C.


«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Jo Harald Færø    6.50

2. Idar Odland    6.53

3. Bjørnar Eidsheim    8.22

4. Nikolai Færø    9.44

5. Gustav Ansnes Færø    9.52

6. Einar Færø    9.53

7. Gunnar Hauge    9.54

8. Steinar Haukås    10.47

9. Terje Eidsnes    11.14

10. Sverre Solberg    14.24SESONGDEBUT: Bjørnar Eidsheimn kom på tredjeplass i det første løpet sitt denne sesongen.


Utan tid:

Mette Ansnes, Jan Halvard Edvardsen, Anders Eidsnes, Leiv Eidsnes, Renate Eneroth, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Odin Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Ylva Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Helga Marit Færø, Arvid Hauge, Stanley  Hauge, Kay Eric Haukås, Torunn Hopland, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Mathilde Eneroth Høyland, Jan Kårbø, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Svein Nordpoll, Jan Erik Odland, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Cato Sperrevik, Audun Stusdal, Eivind Stusdal, Laila Toft, Åge  Toft, Klara Urstad, John Urstad


I alt 45 deltakarar.

NYTT STERKT LØP: Idar Odland gjorde eit nytt sterkt løp. Denne gongen på 6.53.


Neste løp:

Laurdag 4. februar 2023

SPURTOPPGJER: Gustav Ansnes Færø (nr. 3), Gunnar Hauge (10) og Einar Færø i spurten.


Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.