Karuselløp på Eikanger laurdag 12. november

Postet av Stanley Hauge den 5. Nov 2022

Laurdag 12. november går andre løp i vinterkarusellen 2022-23 på Eikanger. Påmelding fra kl. 14.20 og start i løpsklassen kl 15.00 i porten til Eikanger skule.


Løypa er den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved  skulen.Og vermeldarane lovar bra var med gode forhold, så det er berre å ta seg ut.


Løpsdatoar

Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.


Denne sesongen vert det halde 7 løp: 22. oktober, 12. november, 10. desember, 7. januar 2022, 4. februar, 11. mars og 1. april. 


Startkontingent

Born til og med 15 år           kr 25,-

Vaksne                                kr 50,-

Familie                                kr 100,-

(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2007 og seinare)


Premiering 
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Det vert også enkle premiar til raskaste kvinne og mann ved kvart løp.


Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.


 Medaljar vert delte ut slik:

6-7 startar: Gull

4-5 startar: Sølv

3 startar: Bronse 


 Premiar for mange løp

Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100  startar, 150 startar, 200 startar og 250 startar.


Flest startar

Vinterkarusellen er no inne i sesong 44 sidan starten i 1979. I alt er det arrangert 338 løp med 21 303 startar.


Terje Eidsnes med 286 startar er den som har delteke flest gonger. Han er tett følgd av Sverre Solberg med 285. Deretter kjem Steinar Haukås med 271, Alf Høyland med 263 Arvid Hauge 261 og Leiv Eidsnes 249.


Av kvinnene er det Venke Toft Fyllingsnes med 166 startar og Grethe Titland med 162 som har delteke flittigast.


Løyperekordar

Svein Roar Kvamme har løyperekorden med 5.58 frå 21. oktober 2017. Halfdan Emil Færø har notert 6.04 (2013) og Kjetil Hodnekvam 6.10 (2001). Eli Anne Dvergsdal har rekorde fro kvinner med 6.55 (2019), følgd av Bertine-Helen Færø 7.04 (2019) og Sara-Rebekka Færø Linde 7.06 (2019).


Tekst og foto: Stanley Hauge




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.