Førjulskarusell på Eikanger laurdag 10. desember

Postet av Stanley Hauge den 25. Nov 2022

Laurdag 10. desember vert det førjulskarusell på Eikanger. Alle trimmarar er velkomne, og særleg velkomne er trimmande nissar.

Løpet laurdag ettermiddag er det tredje i vinterkarusellen denne sesongen. Starten for løpsklassen er som vanleg presis kl. 15.00. Påmelding frå kl. 14.20 og alle som skal gå utan kan tid, kan starta så snart dei er påmelde.

Det er meldt fint, kaldt vinterver om laurdagen.

Sprei gjerne informasjon om løpet til vener og andre (Facebook m.m.)

Det vert servering av julegodt til  deltakarane!

Løypa er som vanleg ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, så det bør ein nisse fint greia som førjulstrim og opplading til meir krevjande oppgåver to veker seinare! 

Startkontingent
Born til og med 15 år             kr 25,-
Vaksne                                   kr 50,-
Familie                                   kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2006 og seinare)

Hugs på å levera startnummeret etter du er komen i mål.

Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt  Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar. 

 – Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff. Løpet er såleis ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.

Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. 

Premieringa er bronse for 3 startar, sølv for 4-5 startar og gull for 6-7 startar.

Me håpar detr vert nissestemning også ved førjulsløpet i år.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.