Klissvåt sommarkarusell – god stemning
Postet av Eikanger Idrettslag den 9. Sep 2017
Det vart ein klissvåt sommarkarusell på Ostereidet tysdag 5. september. Trass i at det regna heile kvelden, ja, heile dagen hadde ti gutar og jenter teken turen til stemnet. Mange foreldre var også med.
Dei unge utøvarane prøvde seg i lengde, kast med liten ball og på 60m. Best var forholda i lengde, då det var minst vatn på denne delen av bana og tillaupsmatta fungerte godt i regnet.
Full innsats i ballkastinga på den våte bana.
Innsatsen var stor både i lengdegropa ved ballkastinga midt ute på bana. Verst var forholda på 60m då storparten av langsida opp mot barneskulen hadde eit vasslag på 1-2 centimeter oppå seg. Men utruleg nok var raudstubben under fast og fin.
Resultat frå sommarkarusellen 5. september.
Full konsentrasjon i ballkastinga!
Det vert premier til alle dei som deltok på dette stemnet og den første karusellen som var halden før ferien. Utdelinga skjer på idrettslaget sitt hausttreff, evt. eit anna arrangement.
Det gjekk unna så vasspruten stod på 60m.
Me i friidrettsgruppa ser no med stor glede fram til at det skal koma ny raudstubb på bana, slik at ho vert jamn og god. Like eins at det vert laga renne/grøft mellom løpebane og den store indre grusbana slik at vatnet renn ned i avløpskummene og ikkje ut på løpebana.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.