Vann hårfint føre barnevogntrillar
Postet av Eikanger Idrettslag den 7. Apr 2018
Samningen Martin Erdal vann finaleløpet i vinterkarusellen hårfint føre Knut Magne Hauge – som sprang runden med barnevogn. Tida vart 7.08 for begge.
STARTEN: Kristoffer Hauge Haugland (nr. 22); Johannes Hopland (27), Helge Færø (24), Grethe Jørgensen (7) og Martin Erdal (79) i teten.
Martin Erdal tok teten i ut frå start i det siste karuselløpet på Eikanger denne sesongen. Knut Magne Hauge – med barnevogn – hamna langt bak i feltet rundt første svingen. Men under vegs dei siste to kilometerane av løypa rundt vågen, arbeidde hans framover i feltet. Inn på oppløpet vart det ein jamn kamp mellom dei to. Martin greidde å koma seg så vidt føre barnevogna og Knut Magne i mål.
MED BARNEVOGN: Knut Magne Hauge med barnevogn låg langt bak i feltet i starten, men arbeidde seg stadig framover i feltet.
Med tida 7.08 var Erdal to sekund bak den personlege bestenoteringa si på Eikanger. Tida til Knut Magne må vera ny løpsrekord med barnevogn. Han har elles 6.45 som bestetid.
For Erdal var det sjette gongen han vann på Eikanger, førre gong var for to år sidan. Grethe Jørgensen som var raskaste kvinne med 8.04, hadde bestetid i kvinneklassen for 35. gong. Ho har vore raskast i seks av dei ni løpa denne sesongen.
TRASS FORKJØLING: Harald Marthinussen var så vidt bra att etter forkjøling,men var likevel berre to sekund frå sesongbeste.
Harald Marthinussen overraska seg sjølv med tredjeplass og tida 7.32 trass i at han så vidt var kvitt ei forkjøling. Veteranane Helge Færø og Bjørnar Eidsheim viste gryande form med årsbestetider. Fleire andre veteranar noterte sesongbeste laurdag.
STERKE UNGGUTAR: Solid ny bestenotering på Johannes Hopland (fremst) og også ny rekord for Kristoffer Hauge Haugland.
I dette løpet deltok mange unge gutar og jenter, og fleire av dei betra bestetidene sine i løypa. Johannes Hopland i 13-årsklassen sprang på 7.52, 18 sekund forbetring. To år eldre Kristoffer Hauge Haugland kom også under åtte minuttar for første gong. Og Idar Odland i 12-årsklassen betra bestetida si med elleve sekund til 8.43.
SJETTE SIGEREN: Grethe Jørgensen var raskaste kvinne i karusellen for sjette gong denne sesongen.
Nest raskast av kvinnene var Julie Øvretveit med 8.52 og deretter Amalie Kallestad med 8.53.
TO DEBUTANTAR: Jens Skaar Sæthre (fremst) og Julie Øvretveit debuterte i karusellen med fine tider, medan Amalie Kallestad rett bak gjorde nok eit flott løp.
Sesongen vart avslutta med medaljar til alle som har vore med i minst tre løp. I alt har det vore 720 startar på dei ni løpa i denne sesongen, eit gjennomsnitt på 80 – litt færre enn i fjor. I det siste løpet stilte 96 personar til start.
Til flittige deltakarar var det premie for mange startar. Åge Toft og Gunnar Hauge fekk premie for 150 startar. For 100 startar vart Bjarne Gausvik og Inge Leknes premierte.
POKALVINNARAR: Framme frå venstre: Marcus Helland Haukås og Solveig Odland. Bak frå venstre: Hanne R. Eidsnes, Katrine Hopland, Jan Erik Odland, Bjørnar Eidsheim, Inge Lekne, Gunnar Hauge og Åge Toft.
Desse sju fekk premie for 30 startar: Arild Tverranger, Malin Marthinussen, Katrine Hopland, Hanne R. Eidsnes, Solveig Odland, Marcus Helland Haukås og Jan Erik Odland.
Eikanger IL takkar deltakarane for sesongen og ynskjer velkomen til ny karusell til hausten. Første løp vert truleg laurdag 13. oktober.
DEBUTERTE PÅ TID: Pur unge Magnus sprang for første gong på tid og imponerte med 13.40, med pappa Jahn Tommy som «hare».
Vinterkarusell 2017-18, 9. løp.
Eikanger 7. april 2018
Arr.: Eikanger IL
Opphald, berr, stort sett berr veg, nesten vindstille, + 6-7° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Martin Erdal 7.08
2. Knut Magne Hauge 7.08
3. Harald Marthinussen 7.32
4. Helge Færø 7.39
5. Bjørnar Eidsheim 7.45
6. Johannes Hopland 7.52
7. Kristoffer Hauge Haugland 7.55
8. Grethe Jørgensen 8.04
9. Einar Skrede 8.21
10. Idar Odland 8.43
11. Jens Skaar Sæthre 8.51
12. Julie Øvretveit 8.52
13. Amalie Kallestad 8.53
14. Are Flekke 9.02
15. Einar Skaar Andersen 9.11
16. Jan Kårbø 9.12
17. Arve Henningsen 9.14
18. Arne Erdal 9.21
19. Aase Midtgaard Skrede 9.29
20. Terje Eidsnes 9.37
21. Ida Herland Sæthre 9.44
22. Merethe M. Odland 9.54
23. Gunnar Hauge 9.57
24. Olav Alme 10.13
25. Adrian Hansen Toft 10.28
26. Daniel Norheim 10.30
27. Bjørn Mo 10.31
28. Andrew Wakefield 10.45
29. Sjur Øren Heggernes 11.03
30. Svein Olav Heggernes 11.04
31. Magnus Skaar Andersen 11.11
32. Solveig Villanger Haugland 11.13
33. Torben Namdal 11.18
34. Nils Skaar 11.19
35. Sverre Solberg 11.21
36. Sofie Romarheim 12.08
37. Markus Midtgård 12.39
38. Magnar Taule 12.40
39. Gustav Ansnes Færø 12.43
40. Anna Ansnes Færø 12.45
41. Magnus Midtgård 13.40
42. Jahn Tommy Midtgård 13.40
43. Ingrid Haldorsen 14.55
44. Mie Aurora Leirvåg Carlsen 14.56
Utan tid:
Mette Ansnes, Ingrid Bjørge, Kristian Bjørge, Sander Ebbesen, Anders Eidsnes, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Arne Fonnes, Kirsten Fonnes, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Kari Haldorsen, Kjersti Haldorsen, Aron David Hauge, Camilla Hauge, Sofie Haugland Hauge, Stanley Hauge, Benedicte Helland Haukås, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Alis Hellevang, Arnfinn Hellevang, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Malin Marthinussen, Sissel Mo, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Kristin Romarheim, Margunn Romarheim, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Sebastian Rongved, Nils Tellevik, Grethe Titland, Laila Toft, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Åge Toft, Marianne Øvretveit
Neste løp:
Laurdag 13. oktober 2018 kl. 15.00
FJERDEPLASS: Helge Færø sprang på 7.39.
FEMTEPLASS: Bjørnar Eidsheim sprang på 7.45, det same spm han hadde i første løpet i fjor haust.
PERSONBESTE: Idar Odland sprang på 8.43 og betra bestetida si med 11 sekund.
UNGGUT OG VETERANAR: Einar Skaar Andersen i 14-årsklassen debuterte med tid 9.11. Veteranane Jan Kårbø på 9.12 og Arve Henningsen på 9.14 sette begge solide sesongbeste.
TANGERTE PERSEN: Aase Midtgaard Skrede sprang for andre gong denne sesongen på 9.29.
FLEST STARTAR: Med sju startar denne sesongen er Terje Eidsnes oppe i til saman 263 løp.
FLOTT LØP: Ida Herland Sæthre i 13-årskalssen leverte eit nytt flott løp. Med 9.44 var ho fire sekund frå bestetida si.
UNDER TI MINUTTAR: Merethe M. Odland på 9.54 og Gunnar Hauge på 9.57 nådde dagsmåla sine om å springa under ti minuttar.
FINT DRIV: Olav Alme i fint driv, inn til tida 10.13.
SPURTTRIO: Adrian Hansen Toft spurtar til mål, rett framfor Daniel Norheim og Bjørn Mo (t.h.).
VÅRLEG: Andrew Wakefield gjekk etter kalendaren, når det galdt påkledning, men sprang i mål over minuttet raskare enn tidlegare i sesongen.
ENDELEG MÅL: Torben Namdal sesongdebuterte med 11.18. Rett bak han kom Nils Skaar som deltok for første gong, medan superveteran Sverre Solberg følgjer like etter. 11.21 på Sverre var den klart beste tida hans denne sesongen.
BLANDING: Mange purunge gutar og jenter deltok i den siste karusellen denne sesongen. Her er det Markus Midtgaard som har gleda av å spurta forbi veteranen Magnar Taule. Like bak kjem Gustav og Anna.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.