Minneord Kåre Eide
Postet av Eikanger Idrettslag den 18. Aug 2018
Ei drivkraft i Eikanger IL er gått bort. Kåre Eide, Ostereidet, døydde tysdag 14. august, vel 80 år gamal. Han vart bisett frå Ostereidet kyrkje tysdag 21. august kl. 11.00.
Frå han var med på å starta laget i 1952 og like fram til det siste har han vore aktiv i og for laget.
Han var mellom unggutane som grunnla Eikanger IL i 1952. Til langt ut på 1960-talet var han mellom dei fremste aktive. Han kom tidleg med i styret.
Sprintaren
I ungdomsåra var han vår raskaste mann. 11,2 på 100m er det mange år sidan nokon i idrettslaget har sprunge på no. I 1955 tok Kåre laget sitt første KM-gull nettopp på 100m. 60m-tida hans på 7,2 same året er enno klubbrekord i 17-årsklassen for gutar.
Mange år framover sprang Kåre fort sjølv om han utover 60-talet ikkje satsa så mykje lenger. Men i klasse MV2, då han var 42, sprang han 60m på 8,2, – tida er enno veteranrekord i klassen!
Leiaren
I idrettslaget si styring tok Kåre mange tak. Leiar var han første gong i 1964 i hovudstyret, så 1976-78, 1983 og på ny i 2002 og 2003. I mange år var han sekretær. Friidrettsgruppa leia han i 1980-81. Uavhengig av formelle verv, så var han alltid der.
Kåre stilte opp, tok tak og inspirerte. Han hadde ei eiga evne til å trekkja andre med. Han gav ros, støtta og muntra oss opp.
Anten han var medlem i friidrettsgruppa eller ei, deltok han på møta våre og me gledde oss over å ha med han Kåre. Og han tok villig tak som domar og medhjelpar ved mange
stemner og arrangement.
Samarbeid
Klubbavisa Eikern var i mange år hjartebarnet hans, eit bindeledd mellom lag, medlemer og bygdefolk. Svært viktig meinte han, som alltid var samfunnsengasjert og ville det beste for bygdene og folket her.
Både då han var lærar, rådgjevar og rektor ved skulen her på Ostereidet var han ein garantist og pådrivar for eit godt samarbeid mellom skule og idrettslag.
Heidra
I 1977, ved idrettslaget sitt 25-årsjubileum, var Kåre mellom dei fem første som fekk laget sitt heidersteikn. Dei andre var Kristian Bjørge, Leiv Eidsnes, Bjørn J. Bjørsvik og Olav Fyllingsnes. Olav døydde for tre år sidan.
Kåre fekk i 1981 friidrettsforbundet sin diplom for administrativ innsats. I tillegg til innsatsen i idrettslaget var han i åra 1966-68 nestleiar i Hordaland friidrettskrets.
Trimmaren
Kåre trimma for å halda deg i form, seinast på nyåret i år var han innom styrketreninga i tilfluktsrommet i Idrettsbygget. Han treivst godt der saman med andre idrettsveteranar.
Meir enn idrett
I tillegg til arbeidet sitt i skulen og innsatsen for idrettslaget, har Kåre delteke i mykje anna i bygdene våre og kommunen. Han har vore i kommunestyret (for Høgre), eldrerådet, aktiv i pensjonistlag og songkor for å nemna noko.
Vert sakna
Kåre var til det siste oppteken av idrettslaget og vilkåra for idretten i området vårt. Då eg snakka med han i siste halvdel av juli, gledde han seg over at friidrettsbana endeleg har fått nytt dekke på løpebana. Og han håpte at idrettshallen kjem på plass om få år og kan gje ny inspirasjon.
Takk for den store innsatsen din, initiativa du tok, inspirasjonen og all støtte og oppmuntring du gav oss. Me saknar deg alt!
På vegner av Eikanger IL
Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.