Trippel Færø i førjulskarusellen
Postet av Eikanger Idrettslag den 15. Des 2018
STARTEN: Færø-brørne er alt i teten ut frå start. Halfdan-Emil (nr. 33), Magnus-Johan (34) med Jo-Harald mellom seg. Til venstre Vebjørn Haugsdal (55), Johannes Hopland (78), og til høgre Kristoffer Hauge Haugland (6) og Benjamin Engebregtsen (90).
Halfdan-Emil Færø var raskast i førjulskarusellen på Eikanger, deretter følgde Jo-Harald Færø og Magnus-Johan Færø. Trippelsiger til dei tre brørne.
Vinnartida til Halfdan-Emil var 6.48, medan Jo-Harald noterte 6.55 og Magnus-Johan 7.00. Så var det halvminuttet ned til fjerdemann, Vebjørn Haugsdal, som i andre løpet på rad noterte 7.31. Med glatt løpebane i halve løypa laurdag, var det ein fin prestasjon.
SPURTSLO NISSEN: Ludvig Færø Linde (nr. 52) spurta forbi nissen – bestefar Einar Færø.
Mange deltakarar hadde teke utfordringa og stilte med nisseutstyr, nokon med full nissedrakt og andre med nisseluer og gjerne litt til. Raskaste nisse var Johannes Knutsen med 7.41 som heldt til femteplass trass i eit stopp for å ta ei «nisse-Bolt»-helsing.
«BOLT-NISSEN»: Johannes Knutsen tok også denne gongen ei helsing à la Bolt. Den gode Johannes er som nissen, truleg endå sjeldnare, for han dukkar ikkje opp i karusellen meir enn ein gong i året – og knapt nok det. Johannes Hopland (nr. 78) spurtar inn til ny personleg rekord.
13-årige Johannes Hopland trassa dei glatte forholda og sprang på 7.44 – ny personleg rekord. Han kutta åtte sekund av bestetida si frå siste løpet i førre sesong.
NY BESTENOTERING: Johannes Hopland inn til ny «pers» på 7.44, flott gjort på glatten.
Grethe Jørgensen var på ny raskaste kvinne, denne gongen med 8.15. Nest raskast var Stina Nes Sjursen md 9.34.
SMILANDE GRETHE: Sjølv etter eit hardt løp smiler Grethe når ho kjem i mål.
Det var 37. gong Grethe var raskaste kvinne i karusellen. Halfdan-Emil Færø var bestemann for 20. gong.
STOR GJENG: Olav Herland Sæthre (nr. 41) kjem først i denne store gjengen. Rett bak han Daniel Norheim.
Heile 118 deltakarar stilte til start, og det er det nest høgaste deltakartalet nokon gong i karusellen. Rekorden på 120 startande skriv seg heilt attende til første løpet hausten 1985. Kanskje den rekorden kan ryka i nyttårsløpet som går 5. januar? Det har i haust vore over 100 startande i tre av dei fire løpa som er arrangerte.
Laurdag var det isete vegbane som møtte deltakarane på strekninga frå skulen og ut til brua over Eikangervågen. Men løparane var forsiktige og kom i mål utan uhell.
BEST KLEDDE NISSAR: Torunn Hopland og Grethe Titland fekk premien som best kledde nissar. Premien fekk dei før dei overraska med julegåve til arrangørane – så det var ikkje avtalt spel!
Vinterkarusell 2018-19, 4. løp.
Eikanger 15. desember 2018
Arr.: Eikanger IL
Klårvêr, stilt, isete veg frå start til brua, så berr veg 0-2° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Halfdan-Emil Færø 6.48
2. Jo-Harald Færø 6.55
3. Magnus-Johan Færø 7.00
4. Vebjørn Haugsdal 7.31
5. Johannes Knutsen 7.41
6. Johannes Hopland 7.44
7. Benjamin Engebregtsen 7.49
8. Helge Færø 7.51
9. Kristoffer Hauge Haugland 7.55
10. Jan Helge Gausvik 8.14
11. Grethe Jørgensen 8.15
12. Einar Skrede 8.24
13. Arvid Hauge 8.44
14. Lars Apelthun 8.51
15. Adrian Sollid 8.51
16. Einar Færø 8.56
17. Ludvig Færø Linde 8.56
18. Marius Hopland Larsen 9.08
19. Idar Odland 9.13
20. Mats Johan G. Oppedal 9.15
21. Arve Henningsen 9.27
22. Stina Nes Sjursen 9.34
23. Are Flekke 9.37
24. Jan Kårbø 9.43
25. Terje Eidsnes 9.54
26. Aase Midtgaard Skrede 9.57
27. Jonas Iversen Lilleskare 10.05
28. Ida Herland Sæthre 10.06
29. Frode Sjursen 10.07
30. Frank Fammestad 10.18
31. Olav Herland Sæthre 10.18
32. Daniel Norheim 10.20
33. Helene Osen 10.23
34. Bjørn Mo 10.24
35. Andrew Wakefield 10.26
36. Emil Kleiveland Fammestad 10.27
37. Victoria Osen 10.30
38. Silje Nes Sjursen 10.50
39. Øyvind G. Oppedal 10.57
40. Håvard Andre G. Oppedal 10.58
41. Martin Ådnanes 11.05
42. Magnus Ådnanes 11.06
43. Vidar Aasgård 11.15
44. Håkon Rongved 11.29
45. Stein Tore Holsen Viken 11.55
46. Erlend Vågstøl 12.05
47. Sverre Solberg 12.19
48. Camilla Hauge 12.42
49. Valborg Nes 13.41
50. Astrid Nes Sjursen 13.41
51. Kirsten Rongved 14.03
Utan tid:
Emil Høyland Aldeholm, Ingrid Søyland Askvik, Syvert Søyland Askvik, Semir Ebsa, Jan Halvard Edvardsen, Anders Eidsnes, Hanne R. Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Henrik Fammestad, Kristine Fammestad, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Gustav Ansnes Færø, Alexander Gausvik, Terje Hansen, Vigdis Hansen, Gunnar Hauge, Stanley Hauge, Hilde Haugland, Steinar Haukås, Bente Herland, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Isak Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Mathilde Eneroth Høyland, Odd Inge Høyland, Elin Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Frida Færø Linde, Live Færø Linde, Lorentz Linde, Rikke Færø Linde, Sara R. Færø Linde, Torben Namdal, Olai Nepstad, Anne Lise Nordpoll, Svein Nordpoll, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Emil Olai Oppedal, Margunn G. Oppedal, Susanne Rebnord, Elise Søyland, Grethe Titland, Adrian Hansen Toft, Laila Toft, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Åge Toft, Kjell Vidar R. Øvrebø, Johanne Øvretveit, Anna Ådnanes, Ingrid Rebnor Ådnanes
118 deltakarar
Neste løp:
Laurdag 5. januar 2019 kl. 15.00.
LIKE FORT PÅ GLATTEN: Vebjørn Haugsdal noterte 7.31 for andre gong. Han sprang like fort på glatten som på gode forhold førre gong.
DUELL: Benjamin Engebregtsen debuterte med 7.49 og slo Helge Færø på 7.51.
VETERAN: Arvid Hauge noterte 8.44 denne gongen. Han har no delteke 231 gonger.
DEBUTANTAR: Lars Apelthun (nr. 88) og Adrian Sollid (89) deltok før første gong og sprang begge på 8.51.
NEST RASKAST: Stina Nes Sjursen var nest raskaste kvinne med 9.34.
Tekst og foto. Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.