Toppløp av Bertine-Helene Færø
Postet av Eikanger Idrettslag den 5. Jan 2019
REKORDTANGERING: Ny personleg rekord i karusellen og tangering av løyperekorden på 7.17. Eit toppløp av Bertine-Helene Færø.
Bertine-Helene Færø slo den åtte år gamle personlege rekorden sin i vinterkarusellen med fem sekund og tangerte løyperekorden for kvinner. I nyttårsløpet på Eikanger leverte ho eit svært sterkt løp.
I februar 2011 sprang den 19-år gamle Bertine-Helene på 7.22 og den tida stod som løpsrekord til februar 2017. Då sprang søstera Sara-Rebekka Linde på 7.18, ein rekord ho betra med eitt sekund 10. mars 2018. Bertine-Helene som no ser ut til å vera på veg til å verta ein betre løpar enn nokon gong før, tangerte rekordtida 7.17 laurdag.
FØRSTE SVING: Halfdan-Emil Færø i teten rundt første sping, følgd av Kristoffer Hopland (nr. 56), Bertine-Helene Færø (82), Jo-Harald Færø (33) og Knut Magne Hauge (80).
Det var 25. gongen Bertine-Helene har vore raskaste kvinne i karusellen. Aller raskast var broren Halfdan-Emil Færø som med 6.22 noterte den klart beste vinnartida i karusellen denne sesongen.
VINNAR: Halfdan-Emil Færø var først i mål i karusellen for 21. gong. Tida var sesongbeste 6.22.
KAMP OM ANDREPLASSEN: Knut Magne Hauge (t.v.) var sterkast i spurten om andreplassen, medan Jo-Harald Færø vart nummer tre.
Knut Mange Hauge og Jo-Harald Færø hadde ein frisk duell om andreplassen. Den avgjorde Knut Magne til sin fordel og noterte tida 6.45, som er tangering av bestetida hans frå 2013. Jo-Haralad var om lag sekundet etter i mål.
PÅ OPPLØPET: Kristoffer Hopland fremst, følgd av Vebjørn Haugsdal og Bertine-Helene Færø. Kanskje Bertine-Helene fekk litt drahjelp av dei to karane fram mot rekordtangeringa?
Unge Kristoffer Hopland vart nummer fire etter spurtoppgjer med Vebjørn Haugsdal og nettopp Bertine-Helene. Hopland var med 7.15 litt etter bestetida si, medan Vebjørn Haugsdal betra bestetida med 15 sekund til 7.16.
STADIG RASKARE: Johannes Hopland inn til ny personleg rekord.
Fleire andre unggutar leverte også sterke løp. Johannes Hopland (f. 2005) kutta nye 10 sekund av bestetida si som no er på 7.35. Jamgamle Eivind Langøy sprang på 7.39, ni sekund betre enn før. Marius Hopland Larsen i 2008-klassen sette solid personleg rekord med 8.33. Og Gaute Sørli Verlo i same aldersklassen sprang på 8.43.
NY PERSONLEG REKORD: Eivind Langøy i mål på 7.39.
Grethe Jørgensen var nest raskaste kvinne med sesongbeste på 8.01. Deretter kom jentene Amalie Kallestad 9.11 og Ida Herland Sæthre på 9.17.
RADØY-OPPGJER: Kristoffer Hauge Haugland i mål på 8.00. Grethe Jørgensen inn til 8.01 og sesongbeste.
Løpsforholda var bra med nokre regndråpar i lufta, vindstille, 5-6 plussgrader og berr veg. 98 personar stilte til start. Neste karusell på Eikanger vert laurdag 26. januar.
STARTEN: 50 deltakarar stilte i klassen med tidtaking.
Vinterkarusell 2018-19, 5. løp.
Eikanger 5. januar 2019
Arr.: Eikanger IL
Skya, litt regn, berr veg 6° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Halfdan-Emil Færø 6.22
2. Knut Magne Hauge 6.45
3. Jo-Harald Færø 6.46
4. Kristoffer Hopland 7.15
5. Vebjørn Haugsdal 7.16
6. Bertine-Helene Færø 7.17
7. Johannes Hopland 7.35
8. Eivind Langøy 7.39
9. Bjørnar Eidsheim 7.47
10. Tore Klanderud 7.48
SOLID FORBETRING: Marius Hopland Larsen (f. 2008) sprang på 8.33, 13 sekund raskare enn nokon gong før.
11. Kristoffer Hauge Haugland 8.00
12. Grethe Jørgensen 8.01
13. Einar Skrede 8.16
14. Marius Hopland Larsen 8.33
15. August Rønn-Aar 8.42
16. Gaute Sørli Verlo 8.43
17. Nikolai Færø 9.04
18. Idar Odland 9.05
19. Amalie Kallestad 9.11
20. Eskil Sørli Verlo 9.14
21. Ida Herland Sæthre 9.17
22. Marcus Helland Haukås 9.19
23. Hogne Haugsdal 9.27
24. Arve Henningsen 9.31
25. Are Flekke 9.37
26. Heidi Vågstøl 9.41
27. Aase Midtgaard Skrede 9.45
28. Nina Elisabeth Søraa 9.45
29. Gunnar Hauge 9.47
30. Jan Halvard Edvardsen 9.54
31. Terje Eidsnes 9.58
32. Martin Ådnanes 10.01
33. Fillip Sagstad 10.05
34. Adrian Hansen Toft 10.06
35. Merethe M. Odland 10.07
36. Victoria Osen 10.08
37. Leon Veland 10.10
38. Helene Osen 10.18
39. Åshild Langøy 10.29
40. Harald Hansen 10.36
41. Sjur Øren Heggernes 10.37
42. Olav Herland Sæthre 11.01
43. Alf Kåre Mosland 11.08
44. Elias Mosland 11.09
45. Sverre Solberg 11.30
46. Stein Tore Holsen Viken 11.44
47. John Runar Vågstøl 13.55
48. Olivia Rønn-Aar 14.03
49. Jonathan Mosland 14.51
50. Cecilie Beate Mosland 14.52
FLOTT DRIV: Eskil Sørli Verlo i flott driv mot mål.
Utan tid:
Kristian Bjørge, Maja Andrine Bjørge, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Renate Eneroth, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Gustav Ansnes Færø, Helga Marit Færø, Arvid Hauge, Hilde Haugland, Benedicte Helland Haukås, Kay Eric Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Alis Hellevang, Arnfinn Hellevang, Bente Herland, Katrine Hopland, Torunn Hopland, Isak Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Mathilde Eneroth Høyland, Odd Inge Høyland, Kristine Kieiveland, Jan Kårbø, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Mattis Morken, Anne Lise Nordpoll, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Susanne Rebnord, Anna Bjørge Revheim, Cato Sperrevik, Tanita Sperrevik, Tone Sperrevik, Grethe Titland, Liam Hansen Toft, Åge Toft, Monica Toft, Mathias Veland, Johanne Øvretveit, Anna Ådnanes
98 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 26. januar 2019 kl. 15.00.
GJENG MOT MÅL: Filip Sagtad (nr. 53) fremst, så Adrian Hansen Toft (40), Merethe Odland (39), Victoria Osen (75) til venstre og Leon Veland (43).
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.