Svein Roar Kvamme vann Eikangerløpet
Postet av Stanley Hauge den 1. Okt 2023
VINNAR: Svein Roar Kvamme jublar då han går i mål som vinnar.
Svein Roar Kvamme vann Eikangerløpet søndag 1. oktober på 16.42,0. Han vann etter duell med Jo-Harald Færø som fekk tida 16.48,9. Bertine-Helene Færø var raskaste kvinne med 19.27,4.
Eikangerløpet, som er 5000m på bane, avsluttar banesesongen på Ostereidet.
LIKE ETTER START: Jo-Harald Færø i teten, tett følgd av Svein Roar Kvamme, Nellie Cecilie Taule (rett bak Svein Roar), Grethe Jørgensen og Bjørnar Eidsheim.
Jo-Harald Færø tok teten ut frå start, men Svein Roar Kvamme gjekk kort tid etter opp i teten og heldt leiinga til må. Jo-Harald vart først lenger og lenger etter, men avslutta sterkt og tok innpå dei siste 4-5 rundane.
Svein Roar Kvamme, som no stiller for Eikanger IL, deltok for tredje gong. Besttida hans der 15. 39,5 frå 2014 då han vart nummer to bak ein annan Færø – Halfdan-Emil som den gong vann på 15.28,8.
Tredje raskast i løpet i år var Bjørnar Eidsheim med tida 19.22,2. Deretter kom superveteranen Einar Færø på 19.28,6.
FLEIRE I FELTET: Bjørnar Eidsheim fremst, så Anders Eidsnes, Einar Færø, Bertine-Helene Færø og Are Flekke.
Bertine-Helene Færø var raskaste kvinne for niande gong. Første gong ho var raskast var i 2003 som elleveåring. Grethe Jørgensen, som har tre sigrar på Ostereidet, vart nummer tre i år. 15-årige Nellie Cecilie Taule debuterte og imponerte på andreplass med 20.15,2.
19 personar stilte til start i årets løp, seks fleire enn i fjor og det største feltet sidan 2018.
Løpsforholda i år var tyngre enn før. Det skuldast mest at toppgrusen som vart lagt på i fjor ikkje er raudstubb, men ein lausare grus som ikkje er så veleigna. Eikanger IL og løpsdeltakarane vonar kommunen får ordna opp i dette til neste sesong. Elles var det opphald, vindstille og fin temperatur for å springa langt.
Premiar for mange startar
Tre deltakarar fekk i år pokal for å ha delteke for tiande gong. Det var Grethe Jørgensen, Nikolai Færø og Anders Eidsnes.
POKAL FOR TI STARTAR I LØPET: Grethe Jørgensen, Anders Eidsnes og Nikolai Færø (t.h.)
Flest startar har Arvid Hauge med 44, Inge Nævdal med 36, Sverre Solberg 31, Bjørnar Eidsheim 30, Gunnar Hauge 26 og Helge Færø 22. Av kvinnene har Bertine-Helene Færø flest med 12.
Vinterkarusellen neste
Laurdag 14. oktober er Eikanger IL klar med første løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Deretter vert det løp 11. november og 9. desember.
STORT FELT: 19 personar stilte til start i årets Eikangerløp, fleire enn på mange år.
Eikangerløpet 2023.
Ostereidet idrettsbane 1.10.2023
Arr.: Eikanger IL
Opphald, vindstille, +11-12° C.
5000m menn
1. Svein Roar Kvamme 1990 Eikanger IL 16.42,0
2. Jo-Harald Færø 1983 Eikanger IL 16.48,9
3. Bjørnar Eidsheim 1968 Eikanger IL 19.22,2
4. Einar Færø 1956 Eikanger IL 19.28,6
5. Ruben Hosøy 1988 Eikanger IL 19.56,6
6. Helge Færø 1960 21.12,1
7. Anders Eidsnes 1973 Eikanger IL 21.48,2
8. Nikolai Færø 1985 Eikanger IL 23.00,9
9. Are Flekke 1996 Norna-Salhus 23.04,3
10. Erlend Brattholmen 1988 Eikanger IL 23.21.4
11. Ørjan Taule 1979 25.15,7
12. Inge Nævdal 1954 Eikanger IL 25.23,0
13. Jan Kårbø 1957 Eikanger IL 25.26,0
14. Arvid Hauge 1960 Eikanger IL 25.48,8
15. Thomas Namdal 1978 Eikanger IL 29.32,8
16. Sverre Solberg 1952 Aks 77 32.39,9
5000m kvinner
1. Bertine-Helene Færø 1992 Varegg 19.27,4
2. Nellie Cecilie Taule 2008 Aks 77 20.15,2
3. Grethe Jørgensen 1975 Aks 77 20.55,7
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stanley Hauge
Unge vinnarar i våt karusell
16.11.2024
Vinterkarusell laurdag 16. november
11.11.2024
Veteransigrar i karusellopninga på Eikanger
19.10.2024
Vinterkarusellen startar laurdag 19. oktober
13.10.2024
Nævdal og Færø best i Eikangerløpet
06.10.2024
Eikangerløpet 6. oktober på Ostereidet
30.09.2024