Ketil Iden til topps åtte år etter

Postet av Stanley Hauge den 3. Feb 2024

STARTEN: Ei kraftig haglbye slo til rett før starten i karusellen. Bjørnar Eidsheim i tet.

Ketil Iden vann vinterkarusellen på Eikanger for niande gong då han gjekk til topps i løpet laurdag 3. februar. Førre gong han vann var for åtte år sidan i det 6. løpet i 2015-16.VINNAR: Ketil Iden inn til klar siger i karusellen.

Randi Kjøsnes vart  raskaste kvinne for andre gong. 

RASKASTE KVINNE: Randi Kjøsnes til topps for andre gong i karusellen.

Ketil Iden, Bjørnar Eidsheim og Anders Eidsnes låg ganske nær kvarandre  då det var om lag tre hundre meter att til mål. Då sette Ketil inn ein solid spurt og drog kjapt i frå dei to andre på flaten inn mot hamrane og i motbakken opp til innspurten. Han kom i mål på 8.16, 20 sekund føre Bjørnar Eidsheim på andreplass. 

DEI NEST BESTE: Bjørnar Eidsheim inn til andreplass og Anders Eidsnes til tredjeplass.

Det vart skikkeleg vinterlege forhold ved karusellen laurdag. Vegen var berr og fin rundt heile løypa, men ein til dels kraftig sur vind i delar av runden rundt brua gjorde løpet til ei sur og kald oppleving. Verst vart det då løpsfeltet skulle starta og det slo til med ei solid haglbye. Heldigvis letta bya etter kort tid, så siste halvdel av løpet gjekk greitt.

UNGDOM OG VETERAN: Anton Nikolai Vedå (nr. 16) og Gunnar Hauge (8)).

45 personar stilte til start, av dei 20 i løpsklassen.

SMILANDE: Tone Marit Vedå. 

Arrangøren vil gje ein ekstra honnør til Kjetil Iden. Førre gong han deltok, 20. oktober 2020, gløymde han å levera inn att startnummeret sitt. Det hadde han med seg då han stilte til start no på laurdag. Kjempeflott og eit føredøme for andre som i farten gløymer å levera inn att nummera.

SNART I 300: Terje Eidsnes nærmar seg 300 startar, men det vert først neste sesong han kan nå den milepålen.

Neste løpet på Eikanger, det sjette for sesongen, går laurdag 9. mars.

FAMILIEDUELL: Ruben Hosøy (19) og Isak Øvretveit Hosøy .

Vinterkarusell 2023-24, 5. løp.
Eikanger 3. februar 2024
Arr.: Eikanger IL
Vinterleg med haglbyer, ein del vind, berr veg,  + 2-3° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Ketil Iden    8.16
2. Bjørnar Eidsheim    8.36
3. Anders Eidsnes    8.45
4. Randi Kjøsnes    8.48
5. Trond Austrheim    8.54
6. Anton Nikolai Vedå    10.08
7. Gunnar Hauge    10.10
8. Emin Tangerås    10.18
9. Tone Marit Vedå    10.38
10. Terje Eidsnes    10.44
11. Olav K. Romarheim    10.48
12. Kennet Innvær    10.54
13. Jan Kårbø    11.30
14. Svein Elvik    11.53
15. Atle  Kolbeinsen    12.10
16. Isak Øvretveit Hosøy    12.17
17. Ruben Hosøy    12.18
18. Ingunn Kvalsvik    12.31
19. Iris Tangerås    13.32
20. Ingrid Tangerås    13.44

Utan tid:
Leiv Eidsnes, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Stanley  Hauge, Torunn Hopland, Mali Øvretveit Hosøy, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Sverre Solberg, Cato Sperrevik, Audun Stusdal, Eivind Stusdal, Håkon Tangerås, Grethe Titland, Åge  Toft, Liv Reidun Sletten Vabø, Johanne Øvretveit

I alt 45 deltakarar.

Neste løp:

Laurdag 9. mars 2024. 

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

— Guest