Første leiaren rundar 90 år

Postet av Stanley Hauge den 11. Des 2024

INNEBANDY: Kristian Bjørge i aksjon (i CCCP-drakt) i innebandy på «Gubbetrimmen» som han leia i fleire tiår.

Kristian Bjørge, som var den første leiaren i Eikanger IL, rundar 90 år fredag 13. desember.

Soga seier at etter at Eikanger IL var skipa 1. mai 1952 var det ikkje noko skriftleg val på leiar. Nei, kva var vel meir naturleg for gutegjengen som nett hadde skipa sitt eige idrettslag enn å konkurrera om vervet. Høgdehopp var øvinga og Kristian vann. Som vanleg seier ikkje resultatlista noko om korleis konkurransen utvikla seg, så her kan kvar og ein la fantasien spinna… Det kunne vel aldri vera slik at enkelte kandidatar reiv seg ut or konkurransen for å «sleppa»….

Leiar i sju år
I alle fall vart Kristian leiar vel 17 år gamal, eit verv han hadde i sju sesongar – til og med 1958. Og attvald må han ha vorte på meir normalt vis, for alt i 1953 var det 15-årige Leiv Eidsnes som tok høgderekorden i laget med 1,66. Om det var rekordforbetringa hans til 1,78 nettopp i 1958 som gjorde at Leiv overtok som leiar i 1959, er ukjent – men det gjorde han i alle fall.

Aktiv i mange idrettar
Kristian Bjørge har engasjert seg på ei rekkje felt i lagsarbeidet og hatt tillitsverv både i trim, orientering, ski og friidrett i tillegg til å syta for mang ein dugnadsinnsats fram gjennom åra. I perioden 1977-81 var han leiar i trimutvalet som også orientering sorterte under då. I nesten same periode – 1976-81 – var han leiar for skigruppa. 

«Gubbetrimmen»
I fleire tiår stod Kristian for «gubbetrimmen» på Ostereidet. I følgje kona var det forresten knapt noko som kan få Kristian til å droppa øktene i gymnastikksalen om fredagskveldane. Innebandyen han leia var i mange år høgdepunktet i veka for både eldre og yngre karar.

Skirenn
Og så snart det vert snø og forhold for skirenn er Kristian på plass som funksjonær og trivselsskapar med kaffi- og pølsekoking i løypeområdet anten det er på Gamlesætra, i Olsbotn eller Dyrkolbotn. Nokre gongar vart det også arrangert skirenn på Bjørgo.

Friidretten
På friidrettsstatistikkane står Kristian oppført med sju lagkampar, og med følgjande bestenoteringar: Sleggja 34,83, diskos 31,55, kula 9,74, stav 2,55, lengde 5,36, lengde u.t. 2,68, høgde u.t. 1,36,  100m 12,6, og 800m 2.18,0. 

Solid veteranrekord
Det mest oppsiktsvekkjande av resultata til Kristian, som i det heile ikkje er å finna på klubbstatistikken i høgde,  er 1,36 i høgde utan fart. Dette resultatet oppnådde han i 1984 – same året som han runda 50 år! Så hoppkarrieren til Kristian har, for å seia det slik, i alle fall hatt to høgdepunkt – då han vann leiarvervet i 1952 og då han sette veteranrekord 32 år seinare.

Arbeidsmannen
Ved sida av idretten har Kristian halde seg i god form med jord- og skogsarbeid, bygging, snøbrøyting og mangt anna fram gjennom åra. Enno kvir han seg ikkje for ei arbeidsøkt med traktoren. Han har også vore innom politikken som representant for Senterpartiet.

Heidersteikn
Ved 25-årsjubileet til Eikanger IL i 1977 var Kristian mellom dei fem første som fekk tildelt klubben sitt heidersteikn.

Eikanger IL gratulerer jubilanten og ynskjer lukke til med feiringa!

Stanley Hauge




2 Kommentarer

Kommentarer

  • Fin sak

    12 desember 2024
  • Veldig, veldig bra Stanley.

    11 desember 2024
— Guest