Eikanger G13 til topps i Lerum Cup

Postet av Eikanger Idrettslag den 29. jun 2026

Det vart ein tøff start på Lerum Cup for G13 laget til Eikanger. Dei 2 fyrste kampane enda 0-4 mot Øygarden 1 og 2-5 mot Eikelandsfjorden. Då det gjekk mot B-sluttspel, la laget og teamet rundt ein plan om å vinna det sluttspelet. I den siste kampen i gruppespelet på laurdag vann dei 4-2 mot Førde 1. Dette var ein god inngang til B-sluttspelet.

Så var neste hinder Øystese Blå.  Kampen enda 1-1, og Eikanger vann på flest corner. I 1/8 dels finalen venta Mathopen Grønn. Her varta laget opp med storspel og gav seg ikkje før det stod 5-1.

I kvartfinalen venta Bergen Nord. Her vart det 2-2 og sidan det var likt på corner, så gjekk kampen til straffekonk. I ein spennande straffekonk vann Eikanger 4-3.

Keeper Kian hadde ein fantastisk redning, og Casper kunne setta inn det avgjerande målet, til stor jubel blant spelarar og fans. I semifinalen venta Kjøkkelvik LOK Kvit. Her låg laget under 0-2 i fyrste omgang. Etter ein fantastisk 2. omgang stod det til slutt 5-3 til Eikanger. Fansen sang «Vi skal til finalen» så det ronga over Hafslo.


I finalen venta Øygarden 2, også her hamna laget under 0-1. Men som laget hadde vist før, med gode 2. omgangar, så kom dei også her tilbake. Når laget sette inn 3-1 med kort tid igjen kunne ein lukte sigeren. Når sluttsignalet gjekk, så braut jubelen laus. Eikanger har vunne B-sluttspelet i Lerum Cup. Fantastisk innsats av laget, trenarteamet og alle folka rundt laget. Dette var ein skikkeleg lagseier. I løpet av turneringa skora 9 av 13 spelarar mål.

Pokalen var sjølvsagt ei flott avslutning på turneringa, men det som sit sterkast att, er alt laget opplevde saman. Slike turneringar handlar om mykje meir enn fotball – dei handlar om vennskap, samhald og minner for livet. Den gode lagånda som pregar Eikanger G13 var tydeleg i kvar kamp, og var truleg den viktigaste grunnen til at laget klarte å snu motgang til suksess. Det er eit lag som spelar for kvarandre, løftar kvarandre og vinn saman.

Laget har også hatt ein solid vårsesong der laget kom på ein sterk 3. plass, berre 1 poeng bak Minde som vann.




Logg inn for å skrive en kommentar.