Stranda-stril råast i byd'n
Postet av Eikanger Idrettslag den 17. Jun 2015

Foto av Sara Rebekka i vinterkarusellen på Eikanger i april i år.
Sara Rebekka Færø Linde tok ein suveren siger i kvinneklassen skogsløpet Bergens råeste laurdag. b.no skreiv «Trebarnsmoren Sara-Rebekka er Bergens Råeste». Vinnartida hennar var 43.37. Ho var nummer 20 av alle som fullførde løpet.
Men ho var ikkje den einaste i familien Færø som sprang løpet laurdag. Magnus-Johan Færø (19) var 51 sekund raskare med tida 42:46. Og faren til desse to, Einar Færø (58) vart nummer 27 totalt med 46:04.
Også søstera Bertine-Helene Færø (22) deltok og ho vart nummer 49 totalt med tida 50:00. Sara Rebekka og Bertine-Helene spring for Varegg Fleridrett, medan Einar og Magnus-Johan representerer Eikanger IL
ba.no Trebarnsmoren Sara-Rebekka er Bergens Råeste
strilen.no Sara-Rebekka er den råaste i bydn
Stanley Hauge - 17. juni 2015
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.