Dobbel Færø i karusellfinalen
Postet av Eikanger Idrettslag den 16. Apr 2016
Brørne Jo Harald og Magnus Johan Færø tok dobbeltsiger i det siste løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Begge noterte 6.46, men Jo Harald vann med nokre meter.
Det var først inn på oppløpet at Jo Harald drog litt i frå. Han var litt kjappare i steget enn Magnus Johan som vel ikkje har fått skisesongen heilt ut av beina enno. Tida til Magnus Johan var åtte sekund betre enn han har hatt før i karusellen. Nyleg gjorde han ein sterk innsats på 50 km i ski-NM.
17-årige Martin Kvamme Kalnes spurtar inn til ny bestetid, 6.54.
Martin Kvamme Kalnes gjorde eit sterkt løp på tida 6.54, som var betring av bestetida til 17-åringen med ni sekund. Det heldt til tredjeplass.
Kristoffer Nilsen Apelthun kutta med 7.44 fem sekund av den tidlegare bestetida si.
Elleve løparar sprang under 8.00 på laurdag. Mellom dei var to gutar i 13-årsklassen som begge betra bestetidene sine. Kristoffer Nilsen Apelthun sprang på 7.44 og Kristoffer Hopland på 7.59. For Hopland var det første gong under åtte minuttar. Desse to treningsivrige karane får me nok høyra meir om framover.
Kristoffer Hopland var seks sekund raskare enn nokon gong før og kom under åtte minuttar for første gong.
Evie Kalnes Dencker var raskaste av kvinnene med 8.16. Ho vann duellen med Grethe Jørgensen med tre sekund. Veteranen Jørgensen gjorde beste løpet sitt sidan november i fjor.
Med 8.16 var Evie Kalnes Dencker raskaste kvinne og tre sekund føre veteranen Grethe Jørgensen.
For Kalnes Dencker var det fjerde gong ho var raskast i karusellen. Jo Harald Færø var raskast for 13. gong. Førre gong han vann var siste løpet i 2010.
Arild Tverranger overraska med det sterkaste løpet sitt på mange år. Tida vart fine 8.29 – sesongbeste med over minuttet.
Det var fine forhold laurdag med sol og lett vind. Det viste att på resultatlista der mange sette årsbeste. Arild Tverranger overraska med 8.29, det klart beste han har gjort på mange år.
91 deltakarar stilte til start, heile 50 av dei sprang på tid – det største startfeltet på lenge.
Fire av pokalvinnarane for mange startar. Frå venstre: Arved Henningsen, Olai Nepstad, Inge Leknes og Magnus Elvik. Nepstad hadde teke fram gullvesten sin for å feira meir enn 150 karusellstartar.
Premie for mange startar
Olai Nepstad passerte milepålen 150 startar. Etter deltaking ti gonger denne sesongen står han no med 159 startar, og berre ti personar har delteke fleire gonger. Laurdag noterte Olai årsbeste med 10.02, litt irritert over at han ikkje kraup under ti minuttar.
Inge Leknes og Magnus Elvik fekk pokal for å ha passert 75 startar. Leknes har 84 startar og Elvik 80. For å ha delteke 30 gonger eller meir fekk desse pokal: Arve Henningsen, Grethe Jørgensen, Nikolai Færø, Hilde Marthinussen og Tony Thorson.
Terje Eidsnes er komen opp i heile 247 startar i vinterkarusellen. Og som ein ungdom midt i 40-åra kan det endå verta mange fleire løp på han, om arrangørane held ut.....
Terje Eidsnes er framleis den som har delteke flest gonger i karusellen på Eikanger. Etter åtte startar i år står han no med i alt 247. Dei andre med over 200 startar er: Sverre Solberg 241, Steinar Haukås 234, Alf Høyland 223, Arvid Hauge 216, Sigmund Nævdal og Leiv Eidsnes 214.
Friidrettsgruppa i Eikanger IL tek sikte på ein ny karusellsesong til hausten, truleg med første løpet 15. oktober.
Martin Kvamme Kalnes (nr. 74), Erlend Skar (nr. 78) og Magnus Johan Færø (nr. 96) i front i feltet ut frå start.
Vinterkarusell 2015-16, 10. løp.
Eikanger 16. april 2016
Arr.: Eikanger IL
Solskin, litt vind, + 8-9° C, tørr veg.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Jo Harald Færø 6.46
2. Magnus Johan Færø 6.46
3. Martin K. Kalnes 6.54
4. Martin Erdal 7.21
5. Bjørnar Eidsheim 7.30
6. Tore Klanderud 7.35
7. Harald Marthinussen 7.42
8. Kristoffer Nilsen Apelthun 7.44
9. Helge Færø 7.47
10. Sindre Skar 7.55
11. Kristoffer Hopland 7.59
12. Erlend Skar 8.15
13. Evie Kalnes Dencker 8.16
14. Grethe Jørgensen 8.19
15. Are Flekke 8.26
16. Arild Tveranger 8.29
17. Jan Kårbø 8.44
18. Arvid Hauge 8.48
19. Svein Fammestad 8.51
20. Arve Henningsen 9.11
21. Jan Helge Gausvik 9.17
22. Terje Eidsnes 9.19
23. Sofie Nilssen 9.24
24. Amalie Kallestad 9.26
25. Eglan Hassan Ali 9.46
26. Stina Nes Sjursen 9.49
27. Olai Nepstad 10.02
28. Håkon Rongved 10.10
28. Kjell Namtveit 10.10
30. Idar Odland 10.24
31. Sverre Solberg 10.32
32. Silje Nes Sjursen 10.38
33. Øyvind G. Oppedal 10.42
34. Sunniva R. Eidsnes 10.51
35. Anders Eidsnes 10.54
36. Jonas Marthinussen 10.57
37. Frode Sjursen 11.02
38. Malene Landro Sjursen 12.13
39. Bjarne Gausvik 12.33
40. Magnus Elvik 12.37
41. Valborg Nes 13.01
42. Benedicte Landro 13.07
43. Astrid Nes Sjursen 13.08
44. Ove Landro 13.09
45. Mira Oppedal 13.34
46. Andre Midtgård Espevoll 14.12
47. Ann Kathrin Midtgård Espevoll 14.13
48. Eline Nes Sjursen 16.28
49. Håvard Andre G. Oppedal 16.42
50. Mats Johan G. Oppedal 16.43
Utan tid:
Mette Ansnes, Marita Børdal, Nils Børdal, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Gustav Ansnes Færø, Helga Marit Færø, Nikolai Færø, Stanley Hauge, Steinar Haukås, Johannes Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Bente Larssen, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Hilde Marthinussen, Malin Marthinussen, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Emil Olai Oppedal, Margunn G. Oppedal, Sissel Skårnes, Jan Arne Svenningsbøen, Tony Thorsen, Grethe Titland, Åge Toft, Liv Reidun Sletten Vabø
I alt 91 deltakarar.
Eglan Hassan Ali debuterte med 9.46. Litt bak kjem Stina Nes Sjursen som tida 9.49. To ivrige trimmarar, Jan S. og Venke Fyllingsnes, kjem deretter.
Håkon Rongved (t.v.) og Kjell Namtveit i heftig spurtduell. Begge veteranane fekk tida 10.10, så får dei diskutera kven som var først....
Unge Idar Odland noterte 10.24 i det niande løpet han deltok i denne sesongen.
Veteranen Sverre Solberg har delteke i alle dei ti løpa og avslutta med sesongbeste på 10.32 trass i travle dagar i med lamming i sauefloren.
Smilande Eidsnes-gjeng, pluss nokre til, i lett spurtoppgjer på oppløpet.
Neste løp:
Laurdag 15. oktober 2016 kl. 15.00
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.