Sommarkarusell friidrett tysdag 6. september
Postet av Eikanger Idrettslag den 24. Aug 2016
Tysdag 6. september kl. 18.30 vert det sommarkarusell i friidrett på Ostereidet for jenter og gutar. Alle frå 7-8 år og oppover kan delta. Øvingane vert 60m, lengde og ballkast.
Det er berre å møta opp og melda seg på frå kl. 18.00 og fram til start. Startkontingent er kr 20,00 for alle uansett om du er med i ei eller fleire øvingar.
Me håpar at mange foreldre også tek turen til friidrettsbana og deltek under avviklinga.
Resultat sommarkarusell-22.6.-2016.pdf
Helsing
Friidrettsgruppa i Eikanger IL
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.