Serieturnering på Ostereidet Kunstgrasbane
Postet av Eikanger Idrettslag den 19. Sep 2025

Søndag 14. september arrangerte EIL fotball gutter 8 serieturnering på Ostereidet
kunstgras.
18 lag var påmeldt og det vart spelt kampar frå kl. 10:00 på formiddag til 18:00 om kvelden.
EIL fotball vil takke alle lag, foreldre, dommarar og tilskodarar for ein flott dag med
mykje fotballglede.


Ope basseng frå 16. september
Postet av Eikanger Idrettslag den 14. Sep 2025
Eikanger IL ønsker alle velkommen til ope basseng sesongen 25/26. Bassenget opnar for barn og vaksne tysdag 16. september kl.17.00.
Onsdag 17. september er første vaksen-symjing frå kl.19.00-21.00. Bassenget er ope 3 gongar i veka heile haust, vinter og vår, unnateke i skuleferiane. Badevakt vert tilstades på bassengkanten. Alle badevaktane våre har nyleg gjennomført livredningskurs. Bassenget held 28 - 29 gr. Vel møtt!

