Nest siste vinterkarusell – laurdag 10. mars
Postet av Eikanger Idrettslag den 3. Mar 2018
Laurdag 10. mars går det åttande og nest siste løpet i Eikanger IL sin vinterkarusell for sesongen 2017-18. Starten er som vanleg ved Eikanger skule med påmelding frå litt før kl. 14.30.
Dei som ikkje skal ha notert tid, kan starta på trimrunden straks dei har meldt seg på. For alle som skal springa på tid går starten presis kl. 15.00.
Siste løpet
Det siste løpet for sesongen går etter påske, laurdag 7. april.
Startkontingent – nye prisar denne sesongen
Startkontingenten er kr 50,- for vaksne, kr 25,- for born til og med 15 år, og familiekontingent kr 90,- (samla for vaksne og born til og med 15 år).
Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar.
– Løpet er ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna. Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.
Premiering
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. Om du berre har vore med i eitt løp tidlegare denne sesongen, kan du framleis sikra deg medalje ved å delta i dei to siste løpa.
For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. Det vert også trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Eikanger Idrettslag
Prøvetrening for 2019-barn
27.10.2024
Serieturnering på Ostereidet Idrettspark
15.09.2024
Badevaktane gjennomførte livredningskurs
12.09.2024
Prøvetrening for 1.klassingar
23.08.2024