Heimesiger for 15-årige Kristoffer Hopland
Postet av Eikanger Idrettslag den 3. Nov 2018
15-årige Kristoffer Hopland (biletet) tok laurdag første sigeren sin i vinterkarusellen på Eikanger. Han kutta 15 sekund av bestetida si frå førre sesong, og vann klart på 7.05.
Dermed vart det ein skikkeleg heimesiger, for ungguten som har hatt stor framgang i baneløp i sommar, bur nesten i karuselløypa rundt Eikangervågen.
Kristoffer vart ikkje direkte pressa i løpet – så med betre drahjelp ser han nok snart seks-talet. Nest best tid av alle hadde Bertine-Helene Færø som med 7.23 berre var seks sekund etter løyperekorden, og sekundet bak si eiga bestenotering. Eit sterkt løp under litt tunge forhold med ein del motvind utover langs vågen og til brua var passert.
STORFORM: Bertine-Helene Færø er i flott form for tida, frå løpssiger i Amsterdam nyleg kom ho til Eikanger og noterte nest beste tida si nokon gong.
Nest raskaste dame var Grethe Jørgensen som sprang på 8.09 i andre løpet på rad.
Harald Marthinussen med 7.28 hadde tredje beste tid, og sikra dobbeltsiger til Eikanger-bygda i herreklassen.
COMEBACK: Finn Vabø sprang fortare enn nokon gong på Eikanger då han deltok for første gong på fleire år.
Gledeleg var det å sjå 14-årige Finn Vabø tilbake på startstreken. Med tida 7.30 vart det fjerdeplass og han betra bestetida si med 44 sekund, men så var den også tre år gamal og notert då han var 11 år.
VETERAN OG UNGGUT: Veteranen Helge Færø noterte 7.39 og var tre sekund føre 15-årige Kristoffer Hauge Haugland.
To andre femtenåringar som gjorde gode løp var Kristoffer Hauge Haugland på 7.42 og Kristoffer Apelthun Færø på 7.51. For Haugland var det rekordforbetring med 13 sekund.
Ein god del tiåringar og yngre stilte til start i løpet laurdag. Marius Hopland Larsen debuterte på den fine tida 8.46.
FLOTT DEBUT: Marius Hopland Larsen debuterte på den fine tida 8.46. Sterkt gjort av tiåringen.
STARTEN: 47 deltakarar sprang på tid. Kristoffer Hopland (nr. 38) tok teten alt frå start. Nikolai Færø (nr. 75) opna hardt, men det gjekk litt tyngre på slutten for han. Men han fekk vist at rekordtida 8.02 i førre løp ikkje var noko blaff. Det vart 8.21 denne gongen.
Heile 101 deltakarar stilte til start i det andre karuselløpet for sesongen 2018-19. Forholda var greie med stort sett opphaldsvêr, litt kjølig og med noko motvind i delar av løypa. Neste løp på Eikanger går laurdag 24. november.
VETERANDUELL: Atle Austrheim og Rolf Vabø på oppløpet.
Vinterkarusell 2018-19, 2. løp.
Eikanger 3. november 2018
Arr.: Eikanger IL
Regnbye, ein del motvind ut mot brua, + 5-6° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Kristoffer Hopland 7.05
2. Bertine Helene Færø 7.23
3. Harald Marthinussen 7.28
4. Finn Vabø 7.30
5. Helge Færø 7.39
6. Kristoffer Hauge Haugland 7.42
7. Kristoffer Apelthun Færø 7.51
8. Anders Eidsnes 7.59
9. Grethe Jørgensen 8.09
10. Einar Skrede 8.13
UNGE SPREKINGAR: Ludvig Færø Linde (fremst) og Ida Herland Sæthre i frisk duell inn mot mål.
11. Johannes Hopland 8.18
12. Nikolai Færø 8.21
13. Atle Austrheim 8.35
14. Rolf Vabø 8.39
15. Marius Hopland Larsen 8.46
16. Idar Odland 8.50
17. Amalie Kallestad 8.58
18. Ludvig Færø Linde 9.04
19. Ida Herland Sæthre 9.06
20. Nils Rune Sæthre 9.15
TETT I TETT: Nils Rune Sæthre (nr. 54), Olav Herland Sæthre (56) og Arve Henningsen (76).
21. Olav Herland Sæthre 9.16
22. Arve Henningsen 9.19
23. Jan Kårbø 9.26
24. Mats Johan G. Oppedal 9.28
25. Marcus Helland Haukås 9.32
26. Aase Midtgaard Skrede 9.44
27. Terje Eidsnes 9.51
28. Gunnar Hauge 9.57
29. Adrian Hansen Toft 10.01
30. Olav Alme 10.02
FØRSTE GONG PÅ TID: Marcus Helland Haukås sprang på tid denne gongen, og det gjekk fint – 9.32.
TETT SPURT: Rett over ti minuttar kom desse tre i mål. Fremst Adrian Hansen Toft,så Olav Alme og Merethe M. Odland.
31. Merethe M. Odland 10.03
32. Helene Osen 10.05
33. Sjur Øren Heggernes 10.23
34. Victoria Osen 10.26
35. Silje Nes Sjursen 10.43
36. Harald Hansen 10.44
37. Valborg Nes 10.49
38. Gunnar A. Larssen 10.54
39. Martin Ådnanes 10.54
40. Magnus Ådnanes 10.56
41. Håvard Andre G. Oppedal 10.57
42. Øyvind G. Oppedal 10.57
43. Torben Namdal 11.37
44. Sverre Solberg 11.38
45. Stein Tore Holsen Viken 11.40
46. Astrid Nes Sjursen 12.00
47. Gustav Ansnes Færø 13.23
FINT DRIV: Astrid Nes Sjursen i fint driv på siste strekket til mål.
Utan tid:
Renate Alme, Mette Ansnes, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Ove Danielsen, Hanne R. Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Kristoffer W. Fyllingsnes, Renate Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Einar Færø, Helga Marit Færø, Jo Harald Færø, Arvid Hauge, Stanley Hauge, Adrian Hauge Haugland, Hilde Haugland, Benedicte Helland Haukås, Kay Eric Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Bente Herland, Katrine Hopland, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Mathilde Eneroth Høyland, Odd Inge Høyland, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Frida Færø Linde, Live Færø Linde, Rikke Færø Linde, Øyvind Namdal, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Emil Olai Oppedal, Margunn G. Oppedal, Cato Sperrevik, Sindre Andreas Sperrevik, Tanita Sperrevik, Tone Sperrevik, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Richard Toft, Åge Toft
Neste løp:
Laurdag 24. november kl. 15.00
FØRSTE SIGER: Kristoffer Hopland har delteke flittig i karusellen og tok laurdag første sigeren sin då han var med for 45. gong.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Eikanger Idrettslag
Prøvetrening for 2019-barn
27.10.2024
Serieturnering på Ostereidet Idrettspark
15.09.2024
Badevaktane gjennomførte livredningskurs
12.09.2024
Prøvetrening for 1.klassingar
23.08.2024