Sommarkarusell tysdag 10. september og Eikangerløpet 22. september
Postet av Stanley Hauge den 4. Sep 2019
Tysdag 10. september med start kl. 18.00 vert det sommarkarusell i friidrett på Ostereidet. Søndag 22. september kl. 15.00 går det tradisjonelle Eikangerløpet, 5000m på bana.
Friidrettsgruppa inviterer jenter og gutar frå 5-6 år og oppover til sommarkarusellen.
Stemnet startar denne gongen kl. 18.00 (OBS!), med påmelding frå kl. 17.45.
Øvingar: Lengde, ballkast og 60m (om tida strekk til).
Startkontingent: kr 20,00 per deltakar
Me treng medhjelparar
For å få ei god avvikling av sommarkarusellane treng me medhjelparar. Me oppmodar foreldre til å hjelpa til med tidtaking, måling m.m.
Eikangerløpet
Eikangerløpet, 5000m på bana, vert arrangert søndag 22. september med start kl. 15.00. Påmelding frå kl. 14.30. Startkontingent kr 75,00.
Dette tradisjonsrike 5000m-løpet vert i år arrangert for 40. gong.
Løpet passar ikkje berre for aktive friidrettsutøvarar, men også for trimmarar og mosjonistar som til vanleg ikkje deltek i baneløp. Her får dei eit fint høve vil testa seg på ei rundløpsbane.
Løpet er for deltakarar av begge kjøn frå ca. 12 år og oppover.
Også til avviklingav Eikangerløpet treng me medhjelparar, særleg til å halda orden rundeteljinga for kvar enkelt løpar.
Vel møtt på idrettsbana på Ostereidet.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stanley Hauge
Unge vinnarar i våt karusell
16.11.2024
Vinterkarusell laurdag 16. november
11.11.2024
Veteransigrar i karusellopninga på Eikanger
19.10.2024
Vinterkarusellen startar laurdag 19. oktober
13.10.2024
Nævdal og Færø best i Eikangerløpet
06.10.2024
Eikangerløpet 6. oktober på Ostereidet
30.09.2024