Nyttårsløp på Eikanger laurdag 5. januar
Postet av Eikanger Idrettslag den 31. Des 2018
Litt vinterlege forhold i nyttårsløpet for eitt år sidan med nokre minusgrader. Yr sitt langtidsvarsel lovar opphaldsver komande laurdag med fem-seks plussgrader og nesten vindstille.
Andre halvdel av vinterkarusellen på Eikanger startar med nyttårsløpet laurdag 5. januar.
Løpet er det femte vinterkarusellen denne sesongen. Om du ikkje alt er i gang, kan du la deltaking i nyttårsløpet vera ein fin inspirasjon til å få fart att med trimminga etter jule- og nyttårsfeiringa.
I tillegg til løpet komande laurdag, vert det fem løp til fram til våren. Dei går 26. januar, 16. februar, 9. mars, 30. mars og 13. april.
Løypa er som vanleg ca. 2,2 km rundt Eikangervågen. Men vil du trimma lenger er det fritt fram – slik mange gjer – dei tek ein ekstrarunde før eller etter løpet.
Starten går som vanleg kl. 15.00 for løpsklassen på tid. Deltakarar utan tidtaking kan starta så snart dei har meldt seg på frå ca. kl. 14.20-25.
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 90,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2003 og seinare)
Vinterkarusellhefte2018-19-plakat.pdf
Meir informasjon om karusellen 2018-19
Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar.
– Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff. Løpet er såleis ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.
Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover.
Premieringa er bronse for 3-4 startar, sølv for 5-7 startar og gull for 8-10 startar.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Eikanger Idrettslag
Prøvetrening for 2019-barn
27.10.2024
Serieturnering på Ostereidet Idrettspark
15.09.2024
Badevaktane gjennomførte livredningskurs
12.09.2024
Prøvetrening for 1.klassingar
23.08.2024