Karuselløp på Eikanger laurdag 16. februar

Postet av Eikanger Idrettslag den 10. Feb 2019

Det sjuande løpet i vinterkarusellen på Eikanger går laurdag 16. februar med start kl. 15.00 for dei som spring på tid. Deltakarar utan tidtaking kan starta så snart dei har meldt seg på frå ca. kl. 14.20-25.

Løpet går i den velkjente karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt».

Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare.Dei som ikkje skal ha notert tid, kan starta så snart dei er påmelde.

Det står fire løp att frametter vinteren og våren: 16. februar, 9. mars, 30. mars og 13. april.

Startkontingent
Born til og med 15 år             kr 25,-
Vaksne                                   kr 50,-
Familie                                   kr 90,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2003 og seinare)

Vinterkarusellhefte2018-19-plakat.pdf

Meir informasjon om karusellen 2018-19

Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt  Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar. 

 – Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff. Løpet er såleis ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.

Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. 

Premieringa er bronse for 3-4 startar, sølv for 5-7 startar og gull for 8-10 startar.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.