Frivilligpris for vinterkarusellen

Postet av Eikanger Idrettslag den 3. Jul 2021

VINNARAR AV FRIVILLIGPRISEN 2020: Frå venstre; Geir Andre Bjørsvik, Bjørn Jakob Bjørsvik og Stanley Hauge. (Foto: Anne Lise Bjørsvik.)

Bjørn Jakob Bjørsvik, Geir Andre Bjørsvik og Stanley Hauge er tildelt frivilligprisen 2020 for Alver kommune. Dei fekk prisen for mangeårig innsats med Eikanger IL sin vinterkarusell.

Ordførar Sara H. Sekkingstad overrekte prisen ved ei utdeling like ved Knarvik stadion tysdag 29. juni. I tillegg til diplom og blomar til kvar av dei tre omfatta prisen 10 00 kr som går til friidrettsgruppa sitt arbeid med vinterkarusellen.

Start i 1979
Det første vinterkaruselløpet vart skipa til på Kløvheim 22. desember 1979. Start frå skulen, rundt Fammestad (3150 m). 22 deltakarar. Frå og med 1982/83 vart Eikanger fast stad for karusellen. 

Det var Gunnar Hauge som tok initiativet til karusellen i 1979. Bjørn J. Bjørsvik har vore med i karusellavviklinga like sidan staten. Stanley Hauge kom med nokre år seinare, og Geir Andre Bjørsvik kom også etter kvart med i den faste arrangørstaben. 

Fram gjennom åra har det også vore fleire andre som har frå tid til annan har hjelpt til med avviklinga. Atle Kirkevik og Arnfinn Hellevang var lette å få med når ein av et faste trekløveret ikkje kunne stilla.

Imponerande
I alt er det til no arrangert 330 løp med til saman 20 676 deltakarar. Over 1850 personar har delteke i minst eitt løp.

–  Det er eit imponerande arbeid som vert lagt ned for at bygdefolk og tilreisande skal få delta i Vinterkarusellen, sa ordførar Sara Sekkingstad ved utdelinga.

Vinterkarusell-fakta.pdf

Klar for ny sesong
Om ikkje koronaen stikk kjeppar i hjula på ny til hausten, er det lagt opp til sju løp i sesongen 2021-22. 

Planlagde løpsdatoar er: 23. oktober, 13. november, 11, desember, 8. januar 2022, 5. februar, 12. mars og 9. april.

FRÅ UTDELINGA: Stanley Hauge (t.v.) og Bjørn Jakob Bjørsvik med blomst og diplom etter utdelinga vved idrettsbana i Knarvik. (Foto: Anne Lise Bjørsvik.)

Lenkjer til nettsider

Strilen.no: Blei heidra med pris

Stanley, Bjørn Jakob og Geir André blei hylla med frivilligpris

Alver.kommune.no Prisdryss til dyktige Alver-ambassadørar

Vinnarane av kulturprisen og stipend i Alver kommune. Frå venstre: Tore Andre Aase Vabø, Tommy Urhaug, Haakon Gunnar Aase, Morten Sæle, Stanley Hauge og Bjørn Jakob Bjørsvik. (Foto: Anne Lise Bjørsvik.)


1 Kommentar

Kommentarer

  • Steinar Haukås

    Så fortjent etter alle desse åra. På Vinterkarusellen treng vi ikkje ta tida sjølve, arrangøren har alltid rett tid, sei løparane. Sei jo litt om kvaliteten og gode forberedelsar. I tillegg heilt spesiell god kvalitet på all informasjon med foto som går til avisene og som vert lagt ut på heimesida. Kort og greit veldig godt jobba.

    04 juli 2021

Logg inn for å skrive en kommentar.