Fin 3000m og sommarkarusell
Postet av Eikanger Idrettslag den 21. Jun 2017
Det vart oppnådd bra tider på 3000m ved seriestemnet på Ostereidet 20. juni. Og tysdagen i veka før var det ei rekkje rekruttar som deltok i sommarkarusellen.
Rekruttane deltok med iver og stor innsats på 60m og lengde. Her er det mange talent som med rettleiing og trening kan både springa fortare og hoppa lenger. Og om eit år eller to deltek gjerne fleire av dei på friidrettsstemner i Knarvik og Bergen. Kanskje var det ein framtidig krinsmeister mellom dei.
Solid 3000m
Færø-gjengen pluss eit par til gjennomførde ein solid 3000m. Det er lenge sidan det har vore åtte deltakarar på denne distansen på Ostereidet.
Heldigvis var det opphaldsver og bana var i brukbar stand etter dugnaden for tre veker sidan. Men det merkast at bana er noko ujamn enkelte stader og pukkstein stikk opp her og der.
Halfdan Emil Færø var raskast på 9.04,1. Slett ikkje verst og om lag 18 sekund etter årsbeste sett under betre baneforhold. Han hadde likevel eit godt stykke att til banerekorden. Den er det milslukaren frå Sogn, Bjarte Huseklapp, som har med 8.36,0 frå 1978.
Magnus Johan Færø vart nummer to og noterte fine 9.40,3, som berre var 10 sekund etter den personlege rekorden hans frå Fana i fjor haust. Det går noko mot nye bestetider for han seinare i år.
Magnus Johan hadde glede av å skå storebror Jo Harald som han måtte gje tapt for i vinterkarusellen i vår. No var han vel tre sekund raskare enn broren.
Hyggeleg var det å sjå Bertine Helen Færø i godt løpsdriv att. Ho noterte 11.29,7 som rett nok er minuttet etter hennar personlege rekord – men det var for seks år sidan.
14-årige Kristoffer Nilsen-Apelthun noterte 11.27,0 i det første 3000m-løpet sitt på bane.
EIL-seriestemne-og -sommarkarusell 20.6.2017.pdf
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Eikanger Idrettslag

Prøvetrening for 2019-barn
27.10.2024

Serieturnering på Ostereidet Idrettspark
15.09.2024

Badevaktane gjennomførte livredningskurs
12.09.2024

Prøvetrening for 1.klassingar
23.08.2024