Storset Opp søndag 7. oktober
Postet av Eikanger Idrettslag den 22. Sep 2018
Søndag 7. oktober vert Storset Opp arrangert for andre gong. Motbakkeløpet for heile familien startar på dampskipskaien i Bjørsvik og har målgang lengst nord på Storset.
Ver med på trimfesten som samla 400 store og små i fjor. Ved å delta kan du vinna flotte premiar ved trekninga på startnummer. Alle deltakarane får t-skjorte.
Påmelding:
Registerer deg og dine på nettsida (lenkje nedanfor) og hent startnummer på Bjørsvikkaien.
Påmeldingsavgift:
Konkurranseklasse:
Over 16 år (fødd før 1.1.2002): 250 kr
Under 16 år (fødd etter 1.1.2002): 150 kr
Trimklasse:
Individuell påmelding 100 kr
Familie 250 kr
(maks 2 vaksne, og barn fødd etter 1.1.2000)
Start:
Trimklasse klokka 11:00-12:30
Fellesstart konkurranseklassar klokka 12:30
Praktisk informasjon:
Rebusløp for born. Hent ark og blyant ved start. Finn ti postar som er god synlege på vegen opp til Storset.
Parkering ved Ostereidet ungdomsskule
Busstransport frå Ostereidet ungdomsskule til start i Bjørsvik
Premiering:
Flotte premiar trekt på startnummer - iPad, treningstøy.
Pengepremiar til dei tre raskaste kvinner og menn i konkurranseklassen.
Premiering til dei 3 beste i juniorklassen (12-15 år)
T-skjorte til alle deltakarar
Om løypa
Storset opp startar i historiske omgjevnader på dampskipkaien i Bjørsvik. Frå start snirklar løypa seg på asfalt og grus i 3,0 kilometer til målgang på Storset. Her, om lag 200 meter over havet, kan ein nyte storslått utsyn over bygdene langs Osterfjorden og Hindenesfjorden.
Frå løpet i fjor
Folkefest i første utgåva av Storset Opp (2017)
Foto: Daniel Gjeslvik
Tekst: Jo Harald Færø og Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Eikanger Idrettslag
Prøvetrening for 2019-barn
27.10.2024
Serieturnering på Ostereidet Idrettspark
15.09.2024
Badevaktane gjennomførte livredningskurs
12.09.2024
Prøvetrening for 1.klassingar
23.08.2024