Karusellstart på Eikanger laurdag 13. oktober

Postet av Eikanger Idrettslag den 9. Okt 2018

Sesong 40 i Eikanger IL sin vinterkarusell startar med første løpet laurdag 13. oktober kl. 15.00. I den komande sesongen vert det 10 løp på Eikanger.

 I den velkjente karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt», vert det fire løp før jul og seks etter nyttår.

Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare.Dei som ikkje skal ha notert tid, kan starta så snart dei er påmelde.

 Løpsdatoane for løpa før nyttår er: 13. oktober, 3. november, 24. november og 15. desember.

 Første løp etter nyttår vert laurdag 5. januar, deretter vert det løp 26. januar, 16. februar, 9. mars, 30. mars og 13. april.

Startkontingent
Born til og med 15 år             kr 25,-
Vaksne                                   kr 50,-
Familie                                   kr 90,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2003 og seinare)

Vinterkarusellhefte2018-19-plakat.pdf

Meir informasjon om karusellen 2018-19

Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt  Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar. 

 – Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff. Løpet er såleis ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.

Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. 

Flest løp
311 løp med i alt 18 804 startande er avvikla sidan første løpet på Kløvheim i desember 1979. 

 Før komande sesong står Terje Eidsnes med 63 startar og Sverre Solberg med 258. Over 200 startar har også: Steinar Haukås 246, Alf Høyland 241, Arvid Hauge 235, Leiv Eidsnes 231 og Sigmund Nævdal 221. 

To personar, Arvid Hauge og Steinar Haukås, har vore med i eitt eller fleire løp kvar einaste sesong sidan starten. 

Av kvinnene er det Venke Toft Fyllingsnes og Grethe Titland som har delteke mest, begge står med 141 startar.

Sjekk kor mange løp du har

REKORDJUBEL: Svein Roar Kvamme jublar over ny rekord alt før han er i mål. Han hadde god sekundering.

Løpsrekordar
Svein Roald Kvamme sette ny løpsrekord med 5.58 i det første løpet førre sesong. Han er den einaste som har sprunge under seks minuttar. Halfdan Emil Færø med 6.04 er nest best. For kvinner sette Sara Rebekka Færø Linde løpsrekord på 7.17 i løpet 10. mars i år.

Jubileum
Det første vinterkaruselløpet vart skipa til på Kløvheim 22. desember 1979. Eikanger IL tek sikte på eit jubileumsløp der i desember neste år.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.