Heimekamp mot Øystese/Norheimsund

Postet av Eikanger G14 (2010) den 12. Sep 2024

Tysdagskveld var det duka for ein spennande kamp på Ostereidet Kunstgras. Øystese/Norheimsund kom til Ostereidet for å møte Eikanger G14. Det var ein ganske hustrig kveld, med skyer og regn.

Gutta våre var i kjempeslag og i 1. omgang viste dei eit kanonspel med både godt samspel og pasningspel, men Øystese/Norheimsund skåra tidleg i 1. omgang, etter ein lynvisitt på vår banehalvdel. Etter flott spel i første omgang, gjenspeila ikkje pauseresultatet korleis kampen var på bana. Eikanger IL gjekk til pause med 1-2. 

Den faste heiagjengen var på plass

Ut i 2. omgang var gutta våre noko ukonsentrerte og fekk to baklengsmål i mot seg. Stillinga vart 1-4 utover i omgangen. Eikanger G14 kjempa på og skåra to mål i slutten av 2. omgang og då dommaren blåste av etter full tid, var sluttresultatet 3-4.

Gutta kunne avgjort kampen sjølv med ein seier, men slik som dei to føregåande kampane, var det mange skot på mål, men ballen vil ikkje inn i nettet. Ei dårleg trend som gutta skal prøve å snu til neste kamp.

På søndag 15. september møter Eikanger G14 eit sterkt Os-lag på bortebane kl.19.00.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.