Hopland-brør i fin framgang
Postet av Eikanger Idrettslag den 30. Mar 2019
VINNARTRIO: Kristoffer Hopland vann spurten mot veteranen Svein Glomnes og Alex Wollan.
Hopland-brørne Kristoffer og Johannes viste flott framgang i det nest siste karuselløpet på Eikanger denne sesongen. Kristoffer betra bestetida si med 10 sekund og vann etter ein duell med veteranen Svein Glomnes.
Med tida 6.55 tok 16-årige Kristoffer den andre sigeren sin i karusellen. To år yngre Johannes Hopland betra bestetida si med 14 sekund til 7.21. Det heldt til 6. plass i eit sterkt felt.
STARTEN: Johannes Hopland (nr. 3) og Kristoffer Hopland (nr. 6) tok teten fram mot svingen og unnabakken.
Veteranen Svein Glomnes deltok for første gong på lenge og viste solid form med 6.56. På tredjeplass kom Alex Wollan med 6.57.
STERK SESONG: Bertine-Helene Færø har hatt ein sterk karusellsesong med fem sigrar. Her kjem Knut Magne Hauge med barnevogn inn til femteplass på 7.20.
Bertine-Helene Færø var på ny raskaste kvinne, denne gongen med 7.18 – berre eit sekund etter bestetida si. Ho har hatt ein fin sesong og vunne i alt fem gonger, og tidene har vore mellom 7.17 og 7.29. Bertine-Helene vert ikkje med i karusellfinalen 13. april, så nye rekordforsøk frå henne lyt venta til hausten.
SPURT I HAGLEBYE: Vebjørn Haugsdal noterte 7.24 i haglebya, åtte sekund etter bestetida si.
Med solskin rett før start, såg det ut til å verta glimrande forhold. Men rett etter starten gjekk, kom ei kraftig bye med regn, slaps og hagl. Utan dette veromslaget ville nok mange sprunge nokre sekund raskare. Typisk nok letta veret og sola kom att då alle var komne i mål.
Mange unge jenter og gutar noterte trass forholda gode tider, og fleire sette personbeste. Olav Alme sprang på 8.56, under ni minuttar for første gong. Mina Elisabeth Søraa sprang på 9.06 og Sjur Øren Heggernes og Daniel Norheim kom begge under ti minuttar. Håvard Andre G. Oppedal sprang på 10.16 og kutta 40 sekund av den gamle «persen» sin.
TRIMGJENG OG KJAPPE BORN: Mina Elisabeth Søraa (startnr. 64) sprang på ny bestetid og Mats Johan G. Oppedal (nr. 54) sette også ny «pers» samstunde som han slo bestefar Bjarne Gausvik (i raudt rett bak) med nokre tidelar. I midten trimmaren og flittig karuselldeltakar Jan S. Fyllingsnes.
96 deltakarar stilte til start. Laurdag 13. april vert det karusellfinale med utdeling av premiar. Alle som har vore med i minst tre løp får medalje.
LØPAR OG TRIMARAR: Olav Alme med startnummer 40 noterte den flotte tida 8.56.Fleire trimmarar følgjer like bak han.
Vinterkarusell 2018-19, 9. løp.
Eikanger 30. mars 2019
Arr.: Eikanger IL
Skya, opphald, solgløtt, berr veg, haglbye under løpet, vindstille, + 3-4° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Kristoffer Hopland 6.55
2. Svein Glomnes 6.56
3. Axel Wollan 6.57
4. Bertine Helene Færø 7.18
5. Knut Magne Hauge 7.20
6. Johannes Hopland 7.21
7. Vebjørn Haugsdal 7.24
8. Jon Harald Leknes 7.28
9. Helge Færø 7.45
10. Samuel Meling 7.54
11. Anders Eidsnes 8.00
12. Grethe Jørgensen 8.10
13. Idar Odland 8.39
14. Amalie Kallestad 8.43
15. Marius Hopland Larsen 8.48
16. Olav Alme 8.56
17. Mina Elisabeth Søraa 9.06
18. Mats Johan G. Oppedal 9.07
19. Bjarne Gausvik 9.07
20. Jan Kårbø 9.32
21. Terje Eidsnes 9.41
22. Jan Halvard Edvardsen 9.47
23. Sjur Øren Heggernes 9.51
24. Daniel Norheim 9.54
25. Adrian Hansen Toft 10.12
26. Håvard Andre G. Oppedal 10.16
27. Solveig Villanger Haugland 10.48
28. Gunnar A. Larssen 10.54
29. Ove Danielsen 11.03
30. Martin Andreas Søraa 11.25
31. Håkon Rongved 11.37
32. Cato Sperrevik 11.49
33. Sverre Solberg 11.53
34. Olai Nepstad 12.13
35. Alvar Martins 13.59
36. Martin Nytun Schulstad 14.00
37. Tanita Sperrevik 14.57
38. Venke Fyllingsnes 14.59
FINT DRIV: Sjur Øren Heggernes (over) sette ny personbeste med 9.51. Og Daniel Norheim (under) med 9.54 kom også under ti minuttar for første gong.
GOD SPURT: Adrian Hansen Toft spurta godt, men var litt etter bestetida si denne gongen.
Utan tid:
Hallgeir Alme, Rakel Alme, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Hanne R. Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Bente E. Fyllingsnes, Fiona Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Morgan Fyllingsnes, Renate Fyllingsnes, Nikolai Færø, Arvid Hauge, Sofie Haugland Hauge, Stanley Hauge, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Svein Olav Heggernes, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Kate Hosøy, Isak Øvretveit Hosøy, Mali Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Bjørn Mo, Cecilie Beate Mosland, Elias Mosland, Jonathan Mosland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Emil Olai Oppedal, Øyvind G. Oppedal, Susanne Rebnord, Kirsten Rongved, Linn Søraa, Grethe Titland, Monica Toft, Åge Toft, Amalie Øvretveit, Johanne Øvretveit, Anna Rebnor Ådnanes, Martin Ådnanes
96 deltakarar.
Neste løp:
Løpsfinale laurdag 13. april kl. 15.00.VETERAN MED MANGE STARTAR: Sverre Solberg er flittig deltakar i vinterkarusellen. Med 267 startar er han berre fire etter Terje Eidsnes som har flest med 271.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Eikanger Idrettslag
Prøvetrening for 2019-barn
27.10.2024
Serieturnering på Ostereidet Idrettspark
15.09.2024
Badevaktane gjennomførte livredningskurs
12.09.2024
Prøvetrening for 1.klassingar
23.08.2024