Anders Eidsnes vann nyttårskarusellen
Postet av Eikanger Idrettslag den 9. Jan 2016
Anders Eidsnes var raskast i nyttårsløpet på Eikanger laurdag. Men han var hardt pressa av raskaste kvinne.
I mål skilde det fire sekund mellom Anders Eidsnes og Anita Iversen Lilleskare (foto over). Og det var først mot slutten etter å ha spurta godt at Anders sikra seg såpass klar avstand. Vinnartida hans var 7.39, berre seks sekund etter bestenoteringa han sette i første løpet i fjor haust. Ein fin prestasjon i det kalde vêret.
Det var første gongen at veteranen, som er på heimebane i løypa rundt Eikangervågen, gjekk til topps i karusellen. Dermed har det også vore ein ny vinnar i kvart av dei fem karuselløpa denne sesongen.
START: Anders Eidsnes (nr. 39), Ald Fjellstad (12), Anita Iversen Lilleskare (36) og Tore Klanderud (19) i fremste rekkje ut frå start.
Anita Iversen Lilleskare var med tida 7.43 for andre gong raskaste kvinne i karusellen. Førre gong var i november 2013 då ho sprang på 8.06 som også var bestetida hennar i karusellen frå før. Så det vart ei solid rekordforbetring laurdag. No er det berre dei to Færø-søstrene, Bertine Helene og Sara Rekka, ho har føre seg på bestetidlista. Men det er eit stykke fram til rekordtida deira på 7.22.
Anita Iversen Lilleskare i fint driv mot mål og tida 7.43, ny bestetid for henne på Eikanger.
I austavinden var det i kaldaste laget for rekordtider laurdag. Dei fleste sprang litt seinare enn tidlegare i sesongen, men veteranane Tor Klanderud og Alf Fjeldstad og ungjenta Amalie Kallestad var på same nivå som tidlegare.
49 personar hadde teke seg ut i det kalde veret, og fekk ein fin trimtur rundt Eikangervågen. Neste løp går laurdag 30. januar.
UNGGUT og VETERAN: Unge Idar Odland (f. 2006) i spurtoppgjer med veteranen Olai Nepstad. Ungguten var kjappast denne gongen. Til høgre i biletet nokre av Nævdal-gjengen som tok turen uten tid denne gongen. Og dei synest tydelegvis at spurtoppgjeret er skikkeleg artig.
Vinterkarusell 2015-16, 5. løp.
Eikanger 9. januar 2016
Arr.: Eikanger IL
Klårvêr ÷ 3-4° C, kald austavind.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Anders Eidsnes 7.39
2. Anita Iversen Lilleskare 7.43
3. Tore Klanderud 7.45
4. Alf Fjellstad 8.29
5. Grethe Jørgensen 8.31
6. Kristoffer Hopland 8.49
7. Arve Henningsen 9.33
8. Amalie Kallestad 9.46
9. Terje Eidsnes 10.08
10. Arild Sleire 10.20
11. Idar Odland 10.26
12. Olai Nepstad 10.27
13. Sverre Solberg 10.58
14. Stein Tore Holsen Viken 11.25
15. Sunniva R. Eidsnes 11.44
16. Magnus Elvik 13.07
Arve Henningsen hadde kledd seg godt for den kalde austavinden.
Utan tid:
Madelén Børhaug-Nævdal, Kåre Eide, Hugo Eikanger, Renate Eneroth, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Stanley Hauge, Steinar Haukås, Johannes Hopland, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Odd Inge Høyland, Halldis Ledre, Eivind Ledre, Inge Leknes, Max Mikal McMullan, Ann Cecilie Nævdal, Gerd Nævdal, Ole Aleksander Nævdal, Sigmund Nævdal, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Tony Thorsen, Grethe Titland, Åge Toft
I alt 49 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 30. januar 2016 kl. 15.00Anders Eidsnes - veteranen som er på heimebane rundt Eikangervågen, tok første sigeren sin i vinterkarusellen. Bak følgjer Anita Iversen Lilleskare og Tore Klanderud.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Eikanger Idrettslag
Prøvetrening for 2019-barn
27.10.2024
Serieturnering på Ostereidet Idrettspark
15.09.2024
Badevaktane gjennomførte livredningskurs
12.09.2024
Prøvetrening for 1.klassingar
23.08.2024