Førjulskarusell på Eikanger laurdag 17. desember

Postet av Eikanger Idrettslag den 12. Des 2016

Laurdag 17. desember går det fjerde løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Og arrangøren er spent på om det kjem mange nisseløparar i år.

Ved dette førjulsløpet vert det litt utvida premiering og servering av litt julegodt!

Dei siste åra har det vore fleire nisseløparar på startstreken. Kanskje vert de endå fleire i nissedrakt enn i fjor? Det vert premie til den best kledde nissen – og til den raskaste!

Løypa er som vanleg 2,2 km rundt Eikangervågen, så det bør ein nisse fint greia som førjulstrim og opplading til meir krevjande oppgåver ei veke seinare! Starten går som vanleg kl. 15.00. Påmelding frå ca. 14.25. Dei som skal gå utan tidtaking, kan starta så snart dei er påmelde.

Startkontingent
Vaksne: kr 40,00 per løp.
Born til og med 15 år: kr 20,00 per løp.
Familie (foreldre/føresette og born t.o.m. 15 år): kr 70,00

Fin trim
Vinterkarusellen er slett ikkje berre for dei som vil springa fortast mogleg rundt Eikangervågen. Over halvparten av dei som deltek tek som regel turen som trim utan tidtaking. Deltakarane er i alle aldrar, frå dei knapt kan gå til godt opp i pensjonsalderen.

Premiering
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får premie. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og 150 og 200 startar. Ved kvart løp vert også trekt ut premiar på startnummer til om lag ti prosent av deltakarane.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.